Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan barne- og ungdomsarbeiderfag

Her finn de forslag til temaorientert og tverrfagleg årsplan for Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. I denne årsplanen er fokuset i undervisninga lagt på ulike tema som byggjer på kjerneelementa i faget.
Gut med vinterklede får hjelp av ei vaksen kvinne til å tvinne pinnebrød på ein pinne. Dei smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barne- og ungdomsarbeidarfaget skal utvikle yrkesutøvarar som kan leggje til rette for at barn og unge får ein trygg oppvekst og allsidig utvikling i ulike institusjonar. Dei skal utvikle kompetansen sin til å ta vare på behova til barn og unge for omsorg, leik og aktivitet og kunne velje innhald og arbeidsmåtar som stimulerer til livsutfalding, undring, utforskartrong og skaparglede. Dei skal velje metodar som fremjar trivsel, meistring, læring og danning.

Omsorg er grunnleggjande i barne- og ungdomsarbeidarfaget og skal liggje til grunn for alt arbeidet ein barne- og ungdomsarbeidar gjer. Utdanninga skal bidra til at elevane utviklar evna til å reflektere og tenkje kritisk over eigne haldningar og verdiar og ansvaret til barne- og ungdomsarbeidaren i arbeidet med barn og unge.

Årsplan barne- og ungdomsarbeidarfaget

Vi har laga eit forslag til årsplan med tema som utgangspunkt for arbeidet med kompetansemåla. Bakgrunnen for ein temaplan er at ein barne- og ungdomsarbeidar treng heilskapleg kompetanse for å utøve yrket og for få forståing for at det er ein samanheng mellom kompetansemåla i dei ulike faga – alt heng saman. Temaa har derfor innhald og arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Vi håpar planen kan vere til inspirasjon! Last gjerne ned og tilpass han til elevgruppa di og miljøet ditt.

Det er mogleg å trykkje på dei ulike emna under faga, desse inneheld lenkjer. Lenkjene fører deg til fagartiklar og oppgåver i det aktuelle emnet på ndla.no. Trykkjer du på kompetansemåla, vil lenkja føre deg til Utdanningsdirektoratet sine nettsider og kompetansemåla i faget.

Filer

Undervegsvurdering

Elevane må få høve til å tileigne seg kompetanse og vise denne gjennom munnlege, skriftlege og praktiske aktivitetar. Når elevane får vurderingar undervegs, bidreg det til å fremje læring og til å utvikle kompetansen vidare. For å rettleie elevane om vidare læring i programfaga må læraren vere i dialog med elevane om den faglege utviklinga deira. På den måten får elevane høve til å uttrykkje kva de opplever å meistre og til å reflektere over si eiga faglege utvikling.

Praktiske aktivitetar og øvingar gir elevane høve til å nytte kunnskapar, øve på ulike ferdigheiter og ta i bruk kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaga. Fagsamtalar og refleksjonar (både munnlege og skriftlege) undervegs og i etterkant av desse aktivitetane vil hjelpe eleven til refleksjon og kritisk tenking. Læraren har då høve til å vurdere korleis eleven viser forståing, viser evne til refleksjon, meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar, og til å gi rettleiing om vidare læring.

Nyttige ressursar hos NDLA

NDLA har laga ressursar på tvers av fag som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ein av ressursane er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver knytte til ein god skulestart og korleis skape eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn òg mange andre gode tips og råd her.

For elevar på barne- og ungdomsarbeidarfag er det nyttig å øve på framføringar og presentasjonar. Dei to ressursane 11 kreative tips til framføringar (ndla.no) og Presentasjonar (ndla.no) er fagstoff og oppgåver som gir elevane innsikt i kva dette er, og moglegheit til å øve.

Forslag til samarbeid med fellesfag

Samfunnskunnskap, norsk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga og lage ulike prosjekt som kan gjennomførast i alle faga.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02-03). https://www.udir.no/lk20/bua02-03

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2021

Læringsressursar

Om faget