Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samisk ungdomskultur i Hilbes biigá

Hilbes biigá er ein samisk kortfilm om to ungdomsjenter. Her er oppgåver til filmen om samisk ungdomskultur.

Sjå filmen Hilbes biigá før du byrjar å jobbe med oppgåvene.

1. "Typisk samisk"

  1. Det er lite som er "typisk samisk" med filmen Hilbes biigá. Noter ned tankane dine rundt kva du sjølv meiner er typisk for samisk kultur.

  2. Kva trur du er årsaka til at du har ei slik oppfatning av kva som kjenneteiknar samisk kultur?

2. Samisk ungdomskultur

  1. Korleis framstiller filmen samisk ungdomskultur?

  2. Opplever du handlinga i filmen som attkjennande eller framand? Utdjup svaret.

  3. Trur du det er forskjell på å vere ungdom i storbyar som Oslo og Bergen, samanlikna med stader slik som til dømes Kautokeino? Grunngi svaret ditt.

  4. Kjenne du til andre filmar som handlar om ungdomskultur, utprøving av alkohol og gruppepress?

3. Forteljingar innanfrå

Filmen er laga av Marja Bål Nango. Nango er ein samisk kunstnar og filmskapar. Fleire av filmane hennar har vorte vist på filmfestivalar i inn- og utland.

  1. På kva måte trur du filmar laga av samiske filmskaparar kan gi deg større innsikt i samisk kultur?

  2. Kva betyr det at minoritetar er representerte både framom og bak kamera? Utdjup svaret ditt.

Relatert innhald

«Hilbes biigá» er ein pønkete samisk ungdomsfilm om venskap, sjalusi, seksualitet og lengsel.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2021

Læringsressursar

Samisk kultur