Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samisk kultur i arbeid med barn og unge

Sápmi er det samiske namnet på området der samane bur. Området spreier seg over Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det samiske urfolket har rettar, ei spennande historie og eit samfunnsliv som barn og unge skal lære om i barnehagen, på skulen og SFO.

Oppgåver

  1. I filmen fortel tre ungdommar om sitt forhold til samisk kultur. Kva betyr den samiske kulturen for kvar enkelt av dei?

  2. Kva seier verdigrunnlaget til barnehagen om samisk kultur? De finn lenker til rammeplanar i relatert innhald på denne sida.

  3. Kva seier verdigrunnlaget til opplæringa om samisk kultur?

  4. Kva seier rammeplanen for SFO om samisk kultur?

  5. Korleis kan du legge til rette for samisk kultur i arbeid med barn og unge?

  6. Lag ein plakat med bilete og tekst der de skriv argument for kvifor det er viktig å legge til rette for samisk kultur i arbeid med barn og unge.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2023

Læringsressursar

Samisk kultur