Konflikthandtering i barnehagen
Å kunne handtere konfliktar er ein viktig kompetanse i samspelet med andre. I ein konflikt er det ikkje ein som har rett og ein som tek feil. Det er alltid to partar som prøver så godt dei kan å få dekt behova sine. Barn må lære å uttrykkje behova sine, men òg samtidig å kunne lytte til kva andre treng – så enkelt, men likevel så vanskeleg.
For barn kan sjølv små konfliktar opplevast som kraftige, og vi må vere der og hjelpe barn som ikkje klarer å finne ein utveg i konflikten. Med god rettleiing frå vaksne kan dei få til mykje på eiga hand. Det vil òg gi barnet ei god meistringsoppleving å få til noko på eiga hand.
Vi må aldri stille oss som dommarar og avgjere kven som har rett og kven som tek feil. Då tek vi frå barna moglegheita til å lære å gjere sjølve. Vi skal ikkje løyse konfliktane for barna. Konfliktar er ikkje farlege, dei gir barna gode moglegheiter til å få erfaringar i både å hevde seg sjølv og meiningane sine og å tilpasse seg til andre og vise empati for andre.
For å hjelpe og støtte barn i konflikt er det viktig at du som vaksen
beheld roa og møter barnet/barna med anerkjenning og nysgjerrigheit
prøver å finne ut kva som har skjedd, og lèt barna som er involverte i konflikten, fortelje korleis dei opplevde det og om kjenslene sine
høyrer alle versjonar!
tek deg tid til å lytte og lyttar for å forstå
hjelper barna til å forstå kva som har skjedd, ved å setje ord på det du har forstått eller observert
gir barna tid til forklare, er open, hjelper barna med å setje ord på kjenslene sine og anerkjenner kjenslene til barna
hjelper barna som har sterke kjensler, anerkjenner kjensla og støttar dei slik at dei kan finne roa igjen
spør om barna har nokre forslag til løysing
forslår løysingar som barna kan vurdere om dei synest er gode
gir positive tilbakemeldingar når du ser at barna prøver å løyse konfliktar sjølv
foreslår alternativ til ønskt veremåte, til dømes at dei kan seie "stopp" i staden for å slå når dei blir frustrerte eller sinte
aldri tvingar barn til å be om unnskyldning eller tilgiving
tilgir barnet
Utfordringar til deg
Kvifor skal vi ikkje løyse konflikten for barna, men løyse han saman med dei?
Kvifor er det viktig å lytte og forstå alle partar i ein konflikt?
Korleis kan vi få erfaring med å vise empati i ein konflikt?