Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Identitetskart

Korleis ser identiteten din ut? Lag eit kart over din eigen identitet og kva grupper du tilhøyrer. Korleis trur du ulike sider ved identiteten din kan få større eller mindre betydning i ulike situasjonar?
Silhuett av eit ansikt forma som eit spørsmålsteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Identitetskartet mitt

  1. Skriv namnet ditt midt på eit blankt A4–ark.
  2. Kva utgjer kven du er? Noter alle aspekt du kjem på, som du meiner høyrer med for å beskrive kven du er.
  3. Kva aspekt oppfattar du som viktigast for identiteten din? Set ein strek under desse.
  4. Sjå på orda på «identitetskartet» ditt. Lag ein sirkel rundt ord som inneber at du tilhøyrer ei eller anna gruppe. (Fleire sirklar kan gi namn til ulike grupper.)

Oppgåve 2. Ulike situasjonar

Diskuter med éin eller to andre elevar:

  1. Kva seier denne øvinga om kven du er?
  2. Kva aspekt av identiteten din kan bli påverka av ytre hendingar?
  3. Er det nokon aspekt du ser på som uforanderlege, uansett situasjon?
  4. I kva grad endra øvinga dei aspekta ved identiteten din som gjer at du tilhøyrer ei gruppe?

Oppgåve 3. Refleksjonsspørsmål

Reflekter i grupper eller heile klassen:

  1. Var det forskjellar i vurderinga av korleis dei tre hendingane ville påverke identiteten dykkar?
  2. Korleis kan desse forskjellane bli tolka?
  3. I kva grad er oppfatninga vår av oss sjølv avhengig av ytre faktorar og stadfesting frå andre menneske?


Denne artikkelen er skriven av Dembra.

Kjelder

Brubaker, Rogers and Cooper, F. (2000) Beyond Identity. Theory and Society.Vol. 29, No. 1 (Feb., 2000), pp. 1–47

CC BY-SASkrive av Dembra. Rettshavar: Dembra
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

Sjølvbilete og trygg identitet