Kven er du på sosiale medium? Er du deg sjølv, eller speler du ei rolle? Kva du legg ut, og kva tilbakemeldingar du får på sosiale medium, er med på å forme identiteten din og ditt eige bilete av deg sjølv.
Oppgåve 1. Sosiale medium
Diskuter spørsmåla før de ser filmen:
- Er du deg sjølv på sosiale medium?
- Kva vil det seie å vere seg sjølv på sosiale medium? Finn nokre konkrete døme.
Oppgåve 2. Sjølvframstilling
Sjå filmen og svar på oppgåvene:
- Kvifor tek vi så ofte bilete av oss sjølv saman med andre på sosiale medium?
- Kvifor sjekkar vi sosiale medium så ofte rett etter at vi har lagt ut noko om oss sjølv?
- Korleis kan sjølvbiletet bli påverka av andre sine tilbakemeldingar på sosiale medium? Gi nokre konkrete døme.
- Ifølgje psykologen Elise Masta Rønning kan sosiale medium skape eit falskt gjennomsnitt. Kva meiner ho med det?
Oppgåve 3. Mediepåverknad
Diskuter i grupper
- Kvifor er tilbakemeldingar frå andre så viktig for utviklinga av identiteten vår og sjølvbiletet vårt?
- Korleis kan sosiale medium påverke identiteten din og sjølvbiletet ditt på ein positiv og ein negativ måte?
- Har de eit ansvar for å gi andre positive tilbakemeldingar på sosiale medium?
- Kva er fordelane og ulempene med å dele personleg informasjon på sosiale medium?
- Kva råd ville de gitt andre ungdommar når det gjeld deling av personleg informasjon på sosiale medium?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020