Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er endra i faget forretningsdrift?

Faget forretningsdrift er endra i tråd med fagfornyinga 2020, med utgangspunkt i den overordna delen av læreplanen, fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter. Faget har eit variert innhald som dekker alle kompetansemåla.
Kvinne skriver på berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei største endringane

Lover og regelverk er no eit meir omfattande tema enn tidlegare. Her er vi innom dei mest sentrale lovene som regulerer drifta av bedrifter innanfor servicenæringa.

I temaet organisering har vi utvikla nye ressursar om organisasjonskart og ansvarsfordeling tilpassa aktuelle arbeidsplassar for elevane. Vi har òg, i samarbeid med bransjen, utvikla ressursar om omstillingsprosessar.

Økonomitemaet er revidert i samarbeid med matematikkredaksjonen til NDLA, slik at elevane vil møte ein heilskapleg og lik omgrepsbruk i dei to faga. Berekraftig utvikling i verdikjeda har fått større oppmerksemd, og her har vi produsert nye filmar om korleis dette er implementert i drifta av mathallen Vippa.

Beredskapsplanar, som tidlegare var på vg2, er no ein del av sal, service og reiseliv vg1. Her har vi oppdatert ressursane i samarbeid med ein lærar med fartstid frå bransjen. Innanfor HMS er det reviderte ressursar som blir brukte i alle yrkesfaga. Desse er delte inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 25.07.2022

Læringsressursar

Om faget forretningsdrift – for læraren