Hopp til innhald

Fagstoff

Matlova

I januar 2004 tredde lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) i kraft. Alle som jobbar på ein serveringsstad, må følgje ein del lover og reglar for å sikre at det blir produsert trygg mat. Dei viktigaste reglane finst i matlova, næringsmiddelhygieneforskrifta og internkontrollforskrifta.
Mattilsynet på besøk på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet med lova (§ 1)

"Formålet med loven er å sikre helsemessig trygge næringsmidler og fremme helse, kvalitet og forbrukerhensyn langs hele produksjonskjeden, samt ivareta miljøvennlig produksjon."

Ansvarsplassering

Det er verksemda sjølv som har ansvaret for å førebyggje fare, varsle helsestyresmakter og setje i verk tiltak ved mistanke om helsefarleg mat. Verksemda må rette seg etter føresegnene i lova og ha eit eige internkontrollsystem.

Verksemda er òg ansvarleg for å gi alle tilsette naudsynt opplæring i føresegnene i matlova.

Trygg mat

Matlova har eit forbod mot å omsetje mat som ikkje er trygg. Også drikkevatn og innsatsvarer som blir nytta i matproduksjonen, skal vere trygge. For å skape god mattryggleik er det eit viktig prinsipp i lova at ein skal kunne spore kvar produkta kjem frå. Fleire store matskandalar i Europa og andre delar av verda har ført til strengare kontroll. Viss nokon blir sjuke av maten, skal det vere mogleg å finne ut kvar maten har kome frå.

Den ansvarlege for verksemda skal ha opplysningar om alle som har levert næringsmiddel til verksemda, og kunne gjere desse opplysningane tilgjengelege for Mattilsynet viss dei ber om det. Det er til dømes viktig å ta vare på fakturaer, sidan dei kan innehalde dokumentasjon på sporbarheit.

Merking av mat

Verksemda har ansvar for at all mat som er merkt, inneheld riktig informasjon om vara. Eventuell marknadsføring av og reklame for eit produkt skal vere korrekt og ikkje villeiande for forbrukarane.

Mattilsynet

Det er Mattilsynet som passar på at matlova blir følgd, og dei har ifølgje lova rett til å kome på tilsyn. Viss det oppstår forhold som gjer at næringsmiddel kan bli helseskadelege, kan verksemda få pålegg eller beskjed om å stengje heile eller delar av produksjonen. Viss bedrifta ikkje rettar seg etter pålegg frå Mattilsynet, kan bedrifta bli pålagd å stoppe all produksjon i inntil seks månader. Bedrifta kan òg risikere å få bøter viss dei ikkje rettar feil innan tidsfristen.

Straffeansvar

Viss ein bryt reglane i matlova med forsett eller på grunn av aktløyse, risikerer ein å bli straffa med bøter og/eller fengsel i inntil eitt år. Ved spesielt grove lovbrot kan ein få fengsel i inntil to år.

Sentrale forskrifter til matlova frå lovdata.no

Forskrift om næringsmiddelhygiene

Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen

Forskrift om matinformasjon til forbrukerne

Hugs

  • Ei forskrift inneheld utfyllande reglar knytte til teksten i sjølve lova.
  • Lover er ofte generelle. I praktisk arbeid nyttar vi gjerne forskrifta når vi skal finne ut kva reglar som gjeld.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Regelverk for butikkar og serveringstader