Hopp til innhald

Fagstoff

Skjenkjeløyve

Eit av dei viktigaste verkemidla for å avgrense skadar av alkoholbruk er å ha strenge reglar for skjenking og sal.
Kelner serverer to kvinner vin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alkohollova

Det blir stilt strenge krav til serveringsstader som ønskjer å servere alkoholhaldig drikke. Sjølv om alkohol er ei lovleg vare, kan bruk av alkohol føre til både sosiale og helsemessige skadar på enkeltpersonar og samfunnet. Det trengst eit skjenkjeløyve. Kapittel 4 i alkohollova om kommunale skjenkjeløyve gjer greie for krava som gjeld for å få skjenkjeløyve.
Kapittel 4 i alkohollova fra lovdata.no

For å få skjenkjeløyve må serveringsstaden ha både ein styrar og ein representant for styraren som har ansvaret for skjenking, dei må begge vere over 20 år, og dei må bestå ein kunnskapsprøve om alkohollova. Innehavaren av løyvet, dagleg leiar og andre personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha vandelsattest.

Det følgjer eit særskilt ansvar med det å ha skjenkjeløyve.

Internkontrollplikt

Skjenkjestader skal innføre systematiske tiltak for å sikre at verksemda oppfyller krava i lov og forskrifter. Kvar enkelt verksemd skal ha ei internkontrollbok.
Sjå forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv., alkohollov, kapittel 8, lovdata.no.

Det kan vere store forskjellar mellom verksemdene som har skjenkjeløyve. Tiltak og internkontroll må vere tilpassa verksemda. Det kan vere mykje meir krevjande å kontrollere at lover og reglar blir følgde på eit diskotek på ein feriestad med mykje ungdom, enn på ein typisk lunsjrestaurant i tilknyting til eit kunstmuseum.

Dersom det er brot på alkohollova, kan ein miste løyvet for kortare eller lengre tid. Kva reglar som gjeld, står i bevillingsvedtaket til kommunen.

Den som er ansvarleg i verksemda, skal sørgje for at tilsette får kunnskap og kompetanse som gjer at dei kan oppfylle krava i lova.

Tenk over

Kva er grunnen til at det er så strenge reglar for alkoholservering? Drøft i klassen.

CC BY-SARettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Regelverk for butikkar og serveringstader