Hopp til innhald

Fagstoff

Serveringsløyve

Den som skal drive ein serveringsstad, må ha serveringsløyve. Det er kommunen som gir serveringsløyve.
Kokkar på kjøkkenet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etablerarprøve

For å få løyve må dagleg leiar i verksemda vere myndig og ha gjennomført ei etablerarprøve. Sjå serveringslova § 5. Lovdata.no.

Etablerarprøva omfattar blant anna at ein må ha kunnskap om lover og forskrifter som gjeld serveringsstader, kjennskap til rutinar for innrapportering av skatt, meirverdiavgift og så vidare.

«Uklanderleg vandel»

For å få serveringsløyve må du ha vist det som blir kalla «uklanderleg vandel», du må ha ein vandelsattest. Dette gjeld dagleg leiar, den som har løyvet og andre personar som har vesentleg innverknad i verksemda. Kva som er uklanderleg vandel i denne samanhengen, kjem fram av serveringslova § 6. Lovdata.no.

Kommunen undersøkjer om du tilfredsstiller krava, og kommunen kan også få informasjon frå skattestyresmaktene, Mattilsynet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og liknande.

Ein person som har gjort eit lovbrot som er «uforeinleg med drift av serveringsstad», oppfyller altså ikkje kravet til uklanderleg vandel. Det kan vere brot på straffelova, skatte- og avgiftslova, rekneskapslova, lov om forbud mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion med meir.

Dersom krava til uklanderleg vandel ikkje lenger blir følgde, kan kommunen trekkje tilbake løyvet. Kommunen kan også stengje verksemda for kortare eller lengre tid, til dømes for å hindre eller stanse lovbrot.

Opningstider

Det er kommunen som bestemmer opningstidene, og serveringsstaden må følgje dei opningstidene som kommunen har bestemt. Mange kommunar har vedteke eigne forskrifter om opningstider. Dagleg leiar har ansvaret for at opningstidene blir følgde.

Du kan lese meir om serveringslova og alkohollova her:

Serveringslova. NHO reiseliv.no.

Serveringsloven § 18 - Suspensjon av bevilling. Lovdata.no.

Serveringsloven § 19 - Tilbakekall av serveringsbevilling. Lovdata.no.

Alkoholloven. Lovdata.no.

CC BY-SARettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Regelverk for butikkar og serveringstader