Hopp til innhald

Fagstoff

Personvern på skulen

Kva er personvern? Personvern handlar om retten til å ha sitt eige privatliv i fred, eit grunnleggjande prinsipp i ein demokratisk rettsstat. Her set vi søkjelyset på kontroll og overvaking på skulen.
Øye som overvåker databrukere. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med personvern?

Personvern handlar om retten til å ha privatlivet i fred. Det er viktig at personopplysningar som gjeld ein sjølv, ikkje kjem på avvegar eller blir misbrukte.

Kameraovervåking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er vanleg å skilje mellom personvern og vern om personopplysningar.

Personvern handlar om å verne om retten til å ha høve til privatliv, handlefridom og sjølvutvikling.

Vern om personopplysningar gjeld reglar for handtering av personlege opplysningar, for eksempel

  • etnisk bakgrunn
  • politisk, filosofisk eller religiøs overtyding
  • om ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømd for ei ulovleg handling
  • helsetilstand
  • seksuelle relasjonar
  • medlemskap i fagforeiningar

Personopplysningslova

Personopplysningslova står sentralt i personvernet. Lova har til formål å verne individet mot at personvernet blir krenkt gjennom handsaming av personopplysninger.

Unge bruker fleire elektroniske kommunikasjonsformer, for eksempel SMS/MMS, Facebook, «chatting», Snapchat, YouTube o.a. Det er viktig å kjenne til rettar og plikter på nettet.

Brukarar av Facebook må skrive under på ei stadfesting som mellom anna tek for seg personvern og vern av rettane til andre. Stadfestinga er basert på prinsippa til Facebook.

Ver varsam med å leggje ut detaljerte profilar og opplysningar om deg sjølv og andre. Det kan få uheldige konsekvensar seinare i livet.

Skuleungdom har rett til privatliv

I visse situasjonar treng barn og ungdom støtte frå andre for å kunne ta hand om rettane sine. Foreldre og lærarar skal handle til beste for dei unge.

Ein offentleg personvernkommisjon leverte i 2009 utgreiinga NOU 2009: 1. Ho inneheld eit eige kapittel om personvern for barn og unge.

Personvern i skulen handlar mellom anna om

  • kameraovervaking i skulegården
  • pc-overvaking
  • urinprøver for å teste rusmisbruk
  • innsyn i skulekvardagen til dei unge
  • bruk av digitale læringsplattformer med elektronisk registrering av resultat, fråvær o.l.

Barn og unge har krav på personvern på skulen på same måten som vaksne har krav på personvern på arbeidsplassen. Elevane skriv under ein pc-avtale der det står at alt som blir lagra på pc-ar, er skulens eigedom. Det vil seie at skulen – om nødvendig – kan få tilgang til elevdokumenta. Fleire skular i Oslo har fått løyve til videoovervaking for å kunne avdekkje hærverk.

Men kameraovervaking, overvaking av pc-bruken til elevane og andre former for kontroll kan vere problematisk i eit demokrati.

Personvernkommisjonen la fram fleire tiltak for å tryggje rettsvernet og personvernet til barn og unge:

Personvern for barn og unge – forslag til tiltak

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Personvern