Hopp til innhald

Fagstoff

God bokføringsskikk

Eit av dei ti grunnleggjande bokføringsprinsippa er god bokføringsskikk (GBS). Kva dette eigentleg vil seie, er ikkje omtalt i lova. Det er rekneskapsbransjen sjølv som definerer denne skikken.
Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norsk Regnskapsstiftelse

Bak Norsk Regnskapsstiftelse (NRS) står det åtte sentrale instansar. Det er Den norske Revisorforening, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF), Norges handelshøyskole, Norske Finansanalytikeres Forening, Econa (tidl. Norske Siviløkonomers forening), Næringslivets Hovudorganisasjon, Oslo Børs og Handelshøyskolen BI.

Norsk Regnskapsstiftelse: www.regnskapsstiftelsen


Det er Norsk Regnskapsstiftelse som har utarbeidd ein standard for god bokføringsskikk. Prinsippet går ut på at bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar skal skje i samsvar med god bokføringsskikk. På den måten er det etablert ein rettsleg standard som eit supplement til reglane i lover og forskrifter.

Relatert innhald

Kvifor GBS?

Bokføringslova er ei rammelov som opnar for at bransjen gjennom NRS set standardar. NRS gjer ein flott innsats gjennom sine utkast og høyringsrundar. Utviklinga av standardar for god bokføringsskikk skjer i form av ein felles dugnadsinnsats.

Noko av utfordringa for styresmaktene og bransjen er den omveltinga som samfunnet både nasjonalt og internasjonalt går gjennom. Det gjer det vanskeleg å handtere eit statisk lovverk. Å lage og godkjenne lover er ein svært omfattande og tidkrevjande prosess. Ein seriøs bransje kan derimot setje standardar på ein meir fleksibel måte, jamvel om dette arbeidet også er svært omfattande.

God bokføringsskikk gjeld alle bedriftene. Større bedrifter har også andre og meir omfattande lover og reglar å leggje vekt på.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.06.2017

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon