Hopp til innhald

Fagstoff

Straffelova og straffeprosesslova

Som vektar skal du ha grunnleggjande kunnskap om lovene som regulerer arbeidet ditt. To av desse er straffelova og straffeprosesslova. Du må ha kjennskap til lovene for å vere trygg i dine eigne avgjerder, kunne handheve retningslinjer forsvarleg og gjere greie for dei.
To vektarar pågrip ein person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva arbeid og myndigheit ein vektar har, er strengt regulert av ulike lover. Her skal vi sjå på straffelova og straffeprosesslova.

Enkelt forklart omhandlar straffelova kva som blir rekna som kriminelle handlingar – inga straff utan lov. Straffeprosesslova regulerer korleis ei straffesak skal behandlast, og tek for seg ulike verkemiddel i kampen mot kriminalitet.

Inngrep, fysisk makt og avgjerdsmyndigheit

Ein vektar har, med få unntak, ingen spesielle rettar til å gripe inn eller bruke makt mot andre personar.

Eigarrett og borgarrett

Ein vektar jobbar ut frå to ulike rettsområde. Det eine av dei er privat eigedomsrett, og det andre er borgarrettar. Av vaktverksemdslova § 12 første ledd følgjer det at «den som utfører vakttjeneste, har ingen adgang til bruk av fysisk makt utover den enhver har adgang til».

Eigarrett

Eigarrett kan overførast til vektaren i samband med vektartenesta. Med denne retten vil ein vektar kunne nekte personar tilgjenge, bortvise folk og setje vilkår.

Borgarrett

Med borgarrett tenkjer vi her på retten til å pågripe folk for straffbare forhold som gir seks månader fengsel eller meir, og dessutan naudrettshandlingar og naudverjehandlingar. For at nokon skal kunne pågripast, må dei takast på fersk gjerning, eller det må vere ferske spor.

Pågriping

Dersom du som vektar er i ein situasjon der du fysisk må halde nokon, er du i nærleiken av å gjere ei pågriping.

Pågriping er eit juridisk omgrep som inneber eit alvorleg inngrep i fridommen til ein annan person. Det er ein type borgararrest som kvar einaste borgar i dette landet i prinsippet kan utføre.

Du kan likevel berre gjennomføre borgararrest når du tek nokon på fersk gjerning eller finn ferske spor. Det vil seie at du er nøydd til å ha sett det kriminelle som har skjedd, før du kan gå til borgararrest.

Det er berre politiet som faktisk kan pågripe. Ei pågriping er noko polititenestemannen gjer på vegner av påtalemakta.

Kva kan vektaren gjere ved eit tjuveri?

I straffelova § 323 blir omgrepet «mindre tyveri» brukt om tjuveri av gjenstandar med «ubetydelig verdi», av Høgsterett i 2018 rettleiande fastsett til kring 2 000 kroner.

Eit typisk scenario er eit mindre tjuveri i ein butikk der du er vektar. Lat oss ta for oss eit par spørsmål som kan dukke opp i den samanhengen.

Spørsmål: Dersom du ser nokon som puttar noko i lomma inne i ein butikk, er du då vitne til eit mindre tjuveri?

Svar: Nei, det er ikkje eit mindre tjuveri før kunden har passert siste kassepunkt på veg ut utan å betale.

Spørsmål: Kan du gjere ein borgararrest dersom du har sett heile forløpet til eit mindre tjuveri og følgt personen ut under observasjon, slik at du veit at gjenstanden ikkje er lagd tilbake?

Svar: Ja, jf. straffeprosesslova § 171, men dersom du ber vedkomande om å stoppe og han ikkje vil høyre på deg slik at du fysisk må halde på han, skal verdien på gjenstanden vere tilstrekkeleg til å gi minimum seks månader fengsel for tjuveri. Tjuven må òg vere over straffbar alder, altså over 15 år. Det er ikkje lov å halde igjen mindreårige.

Husk òg at personen må samtykkje til ransaking. Det finst eitt unntak: ransaking for å sjå etter gjenstandar som kan vere til fare for liv og helse for den ransaka, deg sjølv eller andre.

Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Anki Olsen og Vegard Floor Søvik.
Sist fagleg oppdatert 31.07.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i tryggingsbransjen