Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sentervektar – lover og reglar

I filmen ser du at vektaren må flytte fokus raskt og vere årvaken samtidig som han skjøttar fleire arbeidsoppgåver. Vektaren må altså ha fleire tankar i hovudet samtidig, kjenne til ulike lover og reglar og vere oppmerksam og serviceinnstilt.

Oppgåver

I oppgåve 2–6 skal du vise til relevante paragrafar i den aktuelle lova.

  1. Kva lover skal vektaren ta omsyn til i situasjonen som omhandlar ein mindreårig butikktjuv?
  2. Kva skil eit mindre tjuveri frå eit grovt tjuveri?
  3. Har vektaren heimel i lova til å ransake veska til butikktjuven?
  4. Kva betyr «å halde tilbake»? Når kan ein butikktjuv haldast tilbake?
  5. Kven kan bestemme at gjester skal visast bort frå ein serveringsstad?
  6. Kva rettar har vektaren når det gjeld handheving av reglar for senteret og butikkane, som til dømes å vise bort nokon eller halde nokon tilbake?
  7. Kva heiter lova som regulerer all vaktverksemd?
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Lover og reglar i tryggingsbransjen