Handtering av ueinigheit
Konfliktar kan oppstå dersom nokon opplever at dei blir urettferdig behandla.
I kva situasjonar har du opplevd å bli urettferdig behandla?
Gi døme på at andre blir, eller har vorte, urettferdig behandla.
Kva er forskjellen på ein verdikonflikt og ein familiekonflikt?
Kva kjensler kan utløysast når du er involvert i ein konflikt?
Kvifor er det lurt å ta tak i konfliktar så tidleg som mogleg?
Kva råd vil du gi til venner eller kollegaer som er ueinige, slik at dei kan løyse konflikten?
Kva er forskjellen på å behandle alle rettferdig og å behandle alle likt?
Er det rettferdig å behandle alle likt? Bruk døme til å grunngi svaret ditt.
Korleis kan konfliktar på arbeidsplassen føre til læring og utvikling? Grunngi svaret.
Vel deg eit yrke innan helse- og oppveksttenestene som du kan tenke deg å utdanne deg til. Kva konfliktar trur du kan oppstå i dette yrket mellom
kollegaer
fagarbeidarar og brukarar eller pårørande av tenesta
Beskriv ein konflikt som du eller nokon du kjenner, er, eller har vore, involvert i.
Kva modell for konflikthandtering vil vere lurt å bruke for å løyse denne konflikten?
Forklar korleis og kvifor denne modellen kan bidra til å løyse konflikten.
Relatert innhald
Dei meiningane, haldningane og verdiane vi har blir skapte og utvikla i samspel med andre.
Mangfaldskompetanse handlar om korleis vi handterer forskjellane og ueinigheita vi møter hos kvarandre.