Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)ogYrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Kommunikasjon og relasjon
Menneskeleg kommunikasjon kan gå føre seg på ulike måtar og har som mål at kvart individ får formidla tankane og behova sine. Det kan gå føre seg verbalt (språkleg) og ikkje-verbalt ved hjelp av kroppsspråk eller til dømes lydar, peiking eller augekontakt.
Ueiningheit og konflikt
På ein arbeidsplass med ulike arbeidstakarar kan det oppstå ueinigheit om faglege spørsmål, arbeidsfordeling, personlege verdiar og i relasjonane mellom kollegaer eller mellom tilsette og brukarar. Korleis vi handterer ueinigheita, er avgjerande for om ho utviklar seg til ein konflikt.