Ergonomi
Det er sunt å belaste kroppen og nødvendig å røre på seg. Derimot er det eit mål å redusere feilbelastingar og monotone bevegelsar som stadig blir gjentekne. Tungt og einsformig arbeid er spesielt uheldig.
"Dårlege ergonomiske forhold i arbeidsmiljøet er blant dei viktigaste årsakene til sjukdom og fråvær. Om lag halvparten av sjukefråværet (iflg. Rikstrygdeverket) og store delar av uføretrygdinga kjem av muskel-/skjelettlidingar. Dette kostar samfunnet over 25 milliardar kroner årleg (pr. 2000). I mange bransjar vil tilsette med muskel-/skjelettlidingar bli uføretrygda, ofte etter periodar med langtidssjukemeldingar. Både arbeidstakarane sjølv, arbeidsmiljøet og økonomien i verksemda ville tene mykje på at desse medarbeidarane kunne framleis å vere yrkesaktive".
(Kjelde: www.arbeidstilsynet.no 11/2008)
Ergonomi er meir enn variert og god kroppsbruk. I arbeidssamanheng er følgjande forhold viktig:
- kva slags arbeidsutstyr som blir brukt
- arbeidsplassutforminga
- korleis arbeidet blir utført
- tilgjengelegheit av hjelpemiddel
- organisering av arbeidsoppgåver
- syns-, støy- og klimaforhold og dessutan arbeidsmiljøet
Ergonomisk tenking er å vurdere alle desse forholda og sjå korleis dei påverkar arbeidsdagen. Arbeidsutføring, maskinar og utstyr må tilpassast den enkelte arbeidstakaren. Arbeidstakaren må på si side tilpasse seg arbeidet.