Hopp til innhald

Fagstoff

Stop motion-animasjon

Ein film består av mange stillbilete som til saman gir inntrykk av å vere levande film. Når du lagar ein stop motion-animasjon, gjer du nettopp dette – produserer og set saman eitt og eitt bilete. Lær meir om teknikken og korleis du sjølv kan lage ein stop motion-animasjon.
Biletet viser to filmstriper med fem bilete i kvar. Den første har bilete av ein svart kaffekopp på eit trebord som flyttar seg litt rute for rute. Den nedste har ein legofigur som flyttar seg rute for rute. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som rører seg litt bilete for bilete. Når du set alle desse saman, ser det ut som ein film. Du kan jobbe åleine, men det er best å jobbe i par eller i ei gruppe, då kan den eine ta bilete og den eller dei andre gjere rørslene.

Her ser du nokre døme på stop motion med ulike teknikkar (youtube.com)

Forslag til motiv i ein stop motion-film

  • skrive eller teikne steg for steg
  • lego
  • leire
  • frukt/grønsaker
  • godteri
  • menneske (krev svært små rørsler)

Opptakstips

  • Bruk stativ.
  • Ver på ein stad med godt lys.
  • Bruk manuelt fokus på kameraet, zoom inn og still fokus.
  • Hald fingeren på utløysarknappen og dytt forsiktig med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå rørsler i kameraet.
  • Prøv å ha ein ryddig og nøytral bakgrunn.
  • Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.
  • Ta mange bilete, helst eit par hundre, kvart bilete står berre i to ruter.

Når du er ferdig med å ta bilete, legg du dei inn på pc-en i ei mappe og opnar eit redigeringsprogram. Vi har brukt programmet Premiere.

Samansetting i Premiere

  1. Opne programmet og lag eit nytt prosjekt (File -> New project).
  2. Importer mappa med bileta du har teke (File->Import).
  3. Merk alle bileta i prosjektmappa, høgreklikk og vel "Speed/duration". Vel 00:00:00:02. Då vil kvart bilete stå i to ruter.
  4. Vel det første biletet i prosjektmappa, høgreklikk og vel
    "New sequence from clip".

  5. Merk resten av bileta og trekk dei inn i tidslinja (sekvensen).
  6. Spel av og test ut filmen.
  7. Gjer eventuelle justeringar, legg inn musikk/effektar, titlar og så vidare.
  8. Når du er ferdig, går du til File -> Export ->Media, gir fila eit namn og lagrar i ønskt format, til dømes .H264. Trykk "Export" og eksporter fila.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Verktøykasse IM