Produktplassering i film og skjult reklame
Sjå opningsscena frå James Bond-filmen Skyfall på Youtube. Kva merkevarer får du auge på dei to minutta dette filmklippet varer?
Finn ut korleis Norsk filmforbund stiller seg til produktplassering i film.
Finn ut korleis norsk lov regulerer produktplassering i norske filmar og TV-seriar.
Kva merkevarer sponsa idrettsutøvaren Therese Johaug i 2014?
Undersøk gjerne profilane som Therese Johaug eller andre idrettsutøvarar har i sosiale medium.
Gjer varierte søk med "reklameinnlegg", "idrett", "sosiale medium" eller liknande.
Drøft utfordringar og moglegheiter knytte til produktplassering i idretten.
Formuler to–tre problemstillingar de er inne på i drøftinga, og skriv ned stikkord som belyser drøftinga av desse problemstillingane.
Del med klassen.
Når den sjarmerande familien Jones flytter inn i eit villaområde, legg naboane merke til dei dyre vanane deira. Familien Jones har det nyaste innan mobiltelefonar, golfutstyr, sminke og merkeklede. Det tek ikkje lang tid før naboane begynner å kopiere stilen til den tilsynelatande perfekte familien.
Undersøk fagomgrep, og diskuter og vurder filmen
Har du nokon gong blitt påverka av andre til å kjøpe noko? Er du overraska over at den tilsynelatande perfekte familien hadde så sterk påverknadskraft på dei andre personane i filmen? Kvifor / kvifor ikkje?
Kva blir meint med influensarmarknadsføring? Søk opp omgrepet, og bruk fleire kjelder for å få ei oversikt over uttrykket. Skriv ei kort forklaring.
Kva blir meint med skjult reklame? Søk opp omgrepet, og bruk fleire kjelder for å få ei oversikt over uttrykket. Skriv ei kort forklaring.
Diskuter i grupper:
Kva er forskjellen på influensarmarknadsføring og skjult reklame?
Korleis problematiserer filmen influensarmarknadsføring?
Korleis problematiserer filmen skjult reklame?
Drøft følgjande påstand: "Det er fleire etiske utfordringar ved influensarmarknadsføring."
Drøft følgjande påstand: "Det er som regel tydeleg at det er snakk om innhald som er kjøpt og betalt på ulike bloggar og sosiale medium."
Skriv ei vurdering av filmen der du inkluderer arbeidet ditt med omgrepa influensarmarknadsføring og skjult reklame og diskusjonane de hadde i gruppa. Hugs kjeldeføring.