Hopp til innhald

Fagstoff

Medieetikk og etisk mediekommunikasjon

Medieetikk er refleksjon over etiske problemstillingar som gjeld alle som bruker medium i kommunikasjon med andre, eller som publiserer medieinnhald i ulike kanalar.
Ein gut ler mens han les ei melding på mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medieetikk og etisk mediekommunikasjon

Etikk er refleksjon over kva som er rett og gale – eller kva som er gode og dårlege handlingar. Tradisjonelt har omgrepet medieetikk eller presseetikk blitt brukt om den etikken som blir lagd til grunn for profesjonell medieproduksjon.

Omgrepet stammar frå ei tid der etablerte massemedium hadde monopol på formidling av medieinnhald. Ei slik avgrensing verkar noko snever i dag, sidan alle no har moglegheit til å vere publisistar. Derfor kan det vere rimeleg å utvide omgrepet medieetikk til å omfatte etiske problemstillingar som gjeld alle som bruker medium i kommunikasjon med andre, eller som publiserer medieinnhald i ulike kanalar, altså alle former for etisk mediekommunikasjon.

Refleksjonar rundt etiske problemstillingar kan munne ut i allmenne forventningar til korleis vi opptrer i media, eller i skriftleggjorde lover og reglar.

Etikk i kommunikasjonssituasjonar

Respekt og toleranse er viktig i alle former for kommunikasjon. Å behandle andre menneske med respekt er å vise dei respekt ut frå menneskeverdet deira. Toleranse handlar til dømes om å tole at andre har andre meiningar enn dei du sjølv har.

Når du skal vurdere korleis du sjølv opptrer i ein kommunikasjonssituasjon, er det ein god regel å prøve å sjå seg sjølv utanfrå. Korleis blir eg oppfatta av dei menneska eg omgåst og kommuniserer med? Er eg interessert i å forstå kva andre tenkjer og meiner, eller er eg mest interessert i å fremje eigne synspunkt? Stiller eg leiande spørsmål, slik at dei svara eg får, eigentleg berre er "ekko" av mine eigne meiningar?

Etisk kommunikasjon handlar om å snakke sant, og det handlar òg om å ikkje manipulere andre ved hjelp av falsk informasjon eller ved å halde tilbake informasjon.

Etikk i sosiale medium

Internett og sosiale medium tilbyr arenaer der vi alle kan publisere det vi ønskjer, så lenge vi held oss innanfor dei rammene lova set for opphavsrett, personvern, ærekrenking og hatefulle ytringar. Sidan ingen kikkar oss i korta når vi publiserer, er det opp til kvar enkelt av oss å sørgje for at det vi seier, skriv og viser fram, held ein god etisk standard.

Jaget etter å vere populær og få mange "likes" kan føre til at vi publiserer innhald vi eigentleg synest er litt kleint.

Klippet nedanfor er henta frå programserien Lik meg, ein dramaserie på NRK for barn og unge som handlar om venskap, utestenging og tilhøyrsel. Oda lagar ei hatgruppe mot Luna på Snapchat, men Arin vil ikkje vere med der.

I sosiale medium blir informasjon spreidd raskt og effektivt ved at vi bevisst eller ubevisst deler informasjon med andre. Idet du trykkjer "liker" på eit innlegg, kan du uforvarande bidra til å spreie løgner og desinformasjon. Bruk det kritiske blikket ditt og sjekk kjeldene til den informasjonen du vidareformidlar.

Mange innlegg i sosiale medium viser mangel på vanleg folkeskikk og omgangstone. Det er lett å trå feil når vi sit åleine framfor PC-skjermen, sidan vi ikkje med det same kan sjå kva verknad det vi seier og skriv, har på mottakaren.

Ein enkel tommelfingerregel er å tenkje gjennom korleis du (eller bestemor) ville reagert dersom den informasjonen du nettopp publiserte, hadde handla om deg. Korleis ville du likt å sjå deg sjølv på det biletet? Kva ville du kjent dersom andre la igjen ein kjip kommentar på profilen din? Korleis ville du reagert dersom nokon dømde meiningane dine nord og ned utan å ha gidde å setje seg inn i kva du eigentleg meiner?

Er det greitt å latterleggjere læraren i sosiale medium?

Ein lærar opplevde at elevane hennar spreidde videoopptak av henne i sosiale medium, følgde av hånlege kommentarar.

Diskuter med ein medelev: Er det greitt å publisere opptak gjort i all løyndom, og å latterleggjere lærarar i sosiale medium?

Etikk i marknadsføring

I marknadsføring blir det ofte brukt sterke verkemiddel for å vekkje merksemd og selje produkt. Eit slikt verkemiddel er humor. Men det som er morosamt for nokon, er ikkje nødvendigvis morosamt for alle.

Denne reklamefilmen frå 2017 for bilmerket Audi blei dårleg teken imot i Kina, både fordi han viser ein stereotyp framstilling av kinesarar, og fordi filmen framstiller kvinner som ei vare på linje med ein bil.

Du kan sjå filmen på YouTube.com: Audi's controversial TV ad in mainland China

Filmen viser korleis ei komande svigermor inspiserer bruda midt i bryllaupsseremonien ved å dra ho i nasen, sjekke øyra og kikke inn i munnen. Bodskapen er at viktige avgjerder må takast med varsemd. Deretter blir det vist bilete av ein Audi.

Yrkesetiske reglar

Dei alle fleste mediebransjar har utarbeidd eigne yrkesetiske reglar. Det gjeld til dømes journalistar og kommunikasjonsmedarbeidarar.

Døme:

Når du som medieelev jobbar med medieproduksjonar, bør du, i tillegg til gjeldande lovverk, følgje dei yrkesetiske reglane som gjeld for dei som jobbar profesjonelt med liknande produksjonar.

Ny teknologi og algoritmar utfordrar etikken

Medieteknologien er stadig i endring, og i dag er algoritmar som styrer informasjonsstraumen, tekne i bruk i ulike delar av mediebransjen. Det skaper nye etiske utfordringar.

Kvifor bør vi stille etiske krav til algoritmar? Og kvifor er det så vanskeleg å få gjennomslag for slike krav? Ekspert Bente Kalsnes forklarer.

Kjelder

Christensen, I. (2020, 16. januar). Etisk markedsføring. Omega Media. Henta 19. mars 2021 frå https://www.omegamedia.no/etisk-markedsforing

NOU 1996: 12. (1996). Medieombud. Kulturdepartementet. Henta 19. mars 2021 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-1996-12/id140587/

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Etikk og medium