Introduksjon
CC BY 4.0
Mange ungdommar ser porno. Porno kan i stor grad vere med på å forme synet vårt på seksualitet, men det blir sjeldan snakka om i klasserommet. I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om kva porno er, og korleis han kan påverke synet vårt på seksualitet
- reflektere over korleis pornoen kan påverke seksualiteten vår, og kva vi kan gjere for å motverke denne påverknaden
- lage ein haldningskampanje om porno retta mot ei ung målgruppe
- vurdere produksjonsprosessen din undervegs og sluttresultatet