Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Studer eksamensoppgåver og eksamenssvar

Førebur du deg til skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3? I denne oppgåva skal du studere tidlegare eksamensoppgåver, og du får eit innblikk i korleis eksamen blir vurdert.
Jente med briller og oransje genser ligg på golvet med beina opp mot radiatoren og vindaugskarmen medan ho les på små notatlappar. Foto.

1) Studer ei eksamensoppgåve

Studer eksamensoppgåva i mediesamfunnet 3 som vart gitt våren 2019, (sjå relatert innhald nedanfor).

Relatert innhald

Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva er tema for oppgåve 1 og oppgåve 2?

  2. Oppgåve 1 går ut på å skrive eit debattinnlegg. Korleis ville du gått fram for å løyse denne oppgåva?

  3. Oppgåve 2 går ut på å skrive ein drøftande tekst, korleis ville du ha disponert denne oppgåva?

  4. I eksamenssvaret skal kandidatane trekkje inn relevant fagkunnskap. Kva for nokon av punkta nedanfor meiner du er relevant for innhald og vinkling i oppgåve 1 og 2?

    • funksjonen til media, rolla til media og samfunnsoppdraget til pressa

    • omstilling i mediebransjen

    • etikk og regelverk

    • medieøkonomi

    • påverknadsteori

    • demokrati og offentlegheit

    • mediebruk og mediestatistikk

    • ytringsfridom

    • retorikk

2) Eksamenssvar vurdert til karakteren 4

  1. Les gjennom eksamenssvaret i relatert innhald.

Relatert innhald

  1. Studer tilbakemeldingane frå sensor.

Filer

  1. Svar på spørsmålet.

Sjå på oppgåve 2, "Medias rikelige tilgang til informasjon", i eksamenssvaret med tilbakemelding.

  1. Kva tilbakemeldingar gav sensor på desse punkta?

    • struktur i teksten

    • definisjon, fagomgrep

    • drøfting

    • kjeldeføring


3) Eksamenssvar vurdert til karakteren 5

  1. Les gjennom eksamenssvaret i relatert innhald.

Relatert innhald

  1. Studer tilbakemeldingane frå sensor.

Filer

  1. Svar på spørsmåla.

Sjå på oppgåve 1, "Tillit til den frie og uavhengige pressen", i eksamenssvaret med tilbakemelding.

  1. Sensor saknar utdjuping av eit sentralt poeng. Kva for eit?

  2. Kva tilbakemeldingar gav sensor på desse punkta?

    • innleiing, struktur

    • temasetningar, drøfting

    • definisjon, fagomgrep

    • kjeldebruk


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022