Hopp til innhald

Fagstoff

Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Alle kan bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø. Her finn du ti gode råd.
To kollegaer gir kvarandre ein high five. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ti gode råd

  1. Hugs at bidraget ditt er viktig

    Ver klar over di eiga påverknadskraft. Alle kan påverke sitt eige arbeidsmiljø. Du har både ansvar for og moglegheit til å bidra positivt til ein god arbeidsdag for alle.

  2. Ta initiativ

    Sei frå til leiaren din dersom det er noko i arbeidsmiljøet som ikkje er bra. Ta initiativ og foreslå forbetringar dersom du synest det er behov for det.

  3. Bidra til god dialog

    Snakk med leiar og kollegaer om det som er vanskeleg. Slik kan de saman skape ein open og god dialog, med takhøgd for å ta opp problem.

  4. Del kunnskap

    Del kunnskap, informasjon, tips og råd med kollegaene dine.

  5. Ta deg tid

    Ta deg tid til dei du har rundt deg i kvardagen. God sosial støtte frå kollegaer og leiar gjer oss i stand til å takle større utfordringar og er ein viktig buffer mot stress, overbelastning og sjukdom.

  6. Bidra til ein god tilbakemeldingskultur

    Gi konstruktive tilbakemeldingar – og ta imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte. Alle kan bli betre, og tilbakemeldingar gir moglegheit for læring og utvikling.

  7. Gi heider

    Alle treng å bli sette og verdsette for å trivast på jobb. Lytt til andre og vis interesse for det kollegaene dine jobbar med. Gi kollegaene dine heider for den jobben dei gjer.

  8. Følg felles køyrereglar

    Følg dei køyrereglane og rutinane de har vorte samde om på arbeidsplassen din.

  9. Ta avstand frå mobbing

    Ikkje aksepter mobbing eller utfrysing. Ta kontakt med verneombodet viss du er uviss på kva du bør gjere.

  10. Vêr inkluderande

    Snakk fint om kvarandre. Snakk med folk, ikkje om folk. Den gode fellesskapskjensla, vi-kjensla, er eit viktig kjenneteikn på eit sunt og godt arbeidsmiljø.

CC BY-SARettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

God tur offshore