Dette faget er i betaversjon. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Offshore-arbeidaren
Dette emnet handlar om deg som framtidig offshore-arbeidar. Du skal kjenne til kva som blir forventa av deg, og korleis du skal ta vare på deg sjølv og kollegaene dine.
Her får du vita litt om korleis det er å reisa offshore og kva krav som blir stilte til deg for at du skal bidra til eit sikkert og godt arbeidsmiljø.
Kva krav og forventningar er det i arbeidslivet? I Noreg har vi lover som vernar rettane til arbeidstakarane. Som tilsett har du plikt til å setje deg inn i rettane og pliktene dine. Når du har gjort det, er det enklare å ta ansvar for deg sjølv og andre på arbeidsplassen.