Sirkulasjon i brønnen (boresimulator)
Sentralt i emnet
- klargjering av manifold og ventilar
- trykket i botnen av brønnen når returen blir teken ut gjennom chokeline
- sirkulasjonstrykk = friksjonstrykk
Når vi borar, må vi alltid sirkulere væske i brønnen. Derfor skal du først klargjere overflateutstyret for sirkulasjon. Når du startar pumpene, blir væske sirkulert innvendig i borerøyra, ned i brønnen, ut i ringrommet og opp til slambehandlingsutstyret på overflata.
Denne øvinga handlar om å starte sirkulasjon riktig, lese av trykk, omdirigere returen gjennom BOP-en og observere korleis trykket utviklar seg når vi tek returen ut gjennom chokeline.
Sirkulasjonssløyfa går frå pumpene til standpipe manifold, til top drive, inn i borestrengen, ut gjennom dysene i borekrona, ut i ringrommet (brønnen) og opp til returlinja på overflata.
Når vi skal klargjere for sirkulasjon, må vi setje ventilane på standpipemanifolden i rett posisjon og passe på at ventilane i BOP-en står i open posisjon slik at det er ope frå pumpa til brønnen og frå ringrommet til overflateutstyret.
Først finn du eit måleinstrument på drillers panel som viser leveringstrykk i systemet, og eit måleinstrument som viser returtrykket. Trykket på leveringssida kan målast ved pumpene, i standpipe manifold og i top-drive-overgangen til borerøyra.
Når BOP-en blir stengd rundt borestrengen, må vi opne chokeline-ventilane slik at returen kjem til overflata gjennom chokemanifolden. Målepunktet for returtrykk ligg i chokeline føre chokeventilen. Det betyr at vi kan måle kor mykje trykk som oppstår når vi strupar innvendig i choken.
Når du skal samanlikne trykkutvikling i ulike situasjonar, er det viktig at du vel eitt avlesingspunkt for leveringstrykket (drillpipe pressure) og eitt for returtrykket (casing pressure) og bruker det same under heile øvinga.
Øvinga kan skrivast ut frå dette dokumentet:
Relatert innhald
I dette arbeidsoppdraget får du øve på å bruke "drillers metode".