Labøvelse 1 – test av eigenskapane i vassbasert borevæske
Sentralt
auke viskositet
redusere viskositet
utarbeide labrapport
Du skal bli kjend med laboratorieutstyret og korleis dei vanlegaste testane blir utførte på borevæska.
Du lærer òg å observere og reparere eigenskapane til borevæska når ho er utsett for endring på grunn av ytre påverknader.
Du skal kunne forstå samanhengen mellom eigenskapane til borevæska og dei oppgåvene borevæska har i brønnen.
I artikkelen Testar som blir utførte på borevæska (ndla.no) finn du meir teori om dette.
Det er viktig at du vernar deg sjølv mot væska og pulveret (tørrstoff). Bruk hanskar, briller og laboratoriefrakk. Gjer deg kjend med aktuelle HMS-datablad. Det er ikkje tillate å ete på laboratoriet.
Vi bruker eit Fann-viskosimeter til å måle eigenskapane til slammet mens det er i bevegelse og etter å ha stått i ro ei stund. Målingane blir slik utførte for å illustrere korleis slammet blir brukt i ein brønn.
Formlar til slamtest med Fann-viskosimeter:
Tilsynelatande viskositet (TV målt i cP)
θ600 = avlesinga ved 600 rpm
Plastisk viskositet (PV)
θ300 = avlesinga ved 300 rpm
PV = (θ600 – θ300)
Flytegrense (FG)
FG = θ600 – PV
Vi bruker ei slamvekt til å måle densiteten til slammet.
Vi startar med eit bentonittslam. Det blir kalla baseslam fordi det ikkje er tilsett stoff som endrar eigenskapane. Baseslammet kan blandast på førehand for å spare tid.
Du skal først teste dei reologiske eigenskapane (viskositet, flytegrense og gelstyrke). Etterpå skal du endre eigenskapane til slammet med tilsettingar som illustrerer forureining frå formasjonen. Til slutt skal du bruke eit tilsettingsstoff for å reparere det forureina slammet, slik at det kan brukast vidare.
Du skal observere og rapportere eigenskapane i dei ulike situasjonane.
Lag ein tabell som viser avlesingar og utrekningar i dei ulike situasjonane.
Alle målingar skal noterast inn i rapporten. Ta gjerne bilete undervegs.
Førebuing
Du får utdelt 350 ml baseslam (bentonitt).
Mål pH-verdien, han skal liggje mellom 7 og 10.
Miks slammet i labmiksaren i cirka 1–2 minutt.
Test av slam
Sjekk slamdensiteten med ei Halliburton-vekt.
Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
avlesing v/600 rpm
avlesing v/300 rpmSjekk gelstyrken etter 10 sekund.
- Sjekk gelstyrken etter 10 minutt.
Behald baseslammet til dei neste øvingane.
Til rapporten
Beskriv hensikta og eigenskapane til baseslammet (drøfting).
Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.
Hald fram med slammet frå den førre øvinga. Slammet skal no bli forureina av salt frå ein saltformasjon.
Førebuing
Tilsett 2 g salt til slammet.
Miks i labmikseren i cirka 1–2 minutt. Legg merke til turtalsendringa i slammiksaren. Beskriv han i rapporten.
Test av slam
- Sjekk slamdensiteten med ei Halliburton-vekt.
Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
avlesing v/600 rpm
avlesing v/300 rpmSjekk gelstyrken etter 10 sekund.
Til rapporten
No har du sett ei endring i eigenskapane til borevæska. Forklar kva effekt salt har på boreslam, og kva konsekvensar dette kan ha for boreoperasjonen (drøfting).
Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.
Hald fram med slammet frå den førre øvinga. Slammet skal no reparerast.
Førebuing
Tilsett 1/2 g lignosulfonat (tynnar) til slammet.
Miks i labmiksaren i cirka 1–2 minutt. Legg merke til turtalsendringa i slammiksaren. Beskriv han i rapporten.
Test av slam
- Sjekk slamdensiteten med ei Halliburton-vekt.
Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
avlesing v/600 rpm
avlesing v/300 rpm- Sjekk gelstyrken etter 10 sekund.
Til rapporten
Du har no sett ei endring i eigenskapane til borevæska. Forklar kva effekt lignosulfonat har på saltforureina slam.
Drøft: Kvifor og når blir tynnaren brukt i boreslam?
Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar frå retorten, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.
I labrapporten skal du beskrive øvingane og observasjonane og svare på spørsmåla til forsøka. Du skal òg forklare kva oppgåver slammet har i brønnen. Hugs å beskrive HMS, arbeidsverktøy og arbeidsteknikkane du har brukt.
Du viser djupnelæring når du kan drøfte fleire årsaker til endringar i eigenskapane til borevæska, og kva konsekvensar desse har for boreoperasjonen og tryggleiken.
Rapporten skal vere på minst to sider inkludert tabellen. Ta gjerne med bilete i labøvingane til illustrasjon av rapporten din.