Dette faget er i betaversjon. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Praktiske arbeidsoppdrag i brønnteknikk
I brønnteknikk får du moglegheita til å øve på ulike arbeidsoppgåver som er vanlege i yrkesutøvinga. Desse oppdraga heng godt saman med teorien i utdanninga.
I dette emnet finn du ulike arbeidsoppdrag til slamlab, boresimulatoren og på verkstaden.
Borevæska er sett saman av ulike stoff. I laben kan du utforske korleis eigenskapane til væska endrar seg med tilsetningsstoffa.
Øvingane i slamlaben skal gi deg betre forståing av oppgåvene borevæska har i brønnen og gi deg innsikt i korleis tilsetningsstoffa endrar eigenskapane til borevæska.
Kvifor endrar vi på eigenskapane til væska?
Kva skjer om borevæska ikkje er tilpassa forholda i brønnen?