Du finn løysingar på nokre av oppgåvene nedst på sida.
Oppgåve 1
Bruker ein elbil mindre energi enn ein bil med dieselmotor? Prøv å samanlikne energiforbruket per mil for ein elbil og ein bil med dieselmotor.
Tips
Finn tal på energiinnhaldet i batteriet til ein elbil, og på rekkjevidda til bilen. Finn tal på forbruket av diesel per mil og på energiinnhaldet i ein liter diesel.
Oppgåve 2
a) Om lag kor mange elbilar kan ei typisk vindmølle som produserer elektrisk energi, klare å drifte?
Tips
Her er det viktig at du lagar ei god oversikt over tala du bruker, og over føresetnadene du eventuelt må bruke.
b) Gjer det same, men no med eit typisk vasskraftverk som energikjelde.
c) Kor mange nye vindmøller ville det krevje dersom alle fossile privatbilar brått blei bytte ut med elbilar? Kor mange nye vasskraftverk ville det krevje?
Oppgåve 3
a) Kor mykje kostar det å lade opp ein elbil med eit batteri med kapasitet på 80 kWh dersom straumprisen er 0,90 kr/kWh?
b) Ein heimeladar for elbil kan levere ein elektrisk effekt på 7,4 kW. Kor lang tid tek det å lade opp elbilbatteriet i deloppgåve a) dersom batteriet er heilt tomt?
Tips
Minner om formelen .
c) Dersom ein elbil skal ladast frå ein vanleg stikkontakt, er det ein del vilkår som må vere oppfylte. Kva for vilkår er det, og kor lang tid vil det ta å lade elbilbatteriet i samsvar med desse vilkåra?
d) Kor mykje vil det koste, og kor lang tid vil det ta, å lade opp elbilen i a) på ein hurtigladestasjon?
Oppgåve 4
a) Ein elbil kan lade seg sjølv i nedoverbakke. Kvar kjem denne energien frå?
b) Kor mykje kan vi i teorien lade ein elbil på veg ned Trollstigen i Møre og Romsdal?
Tips
Her kan det vere lurt å velje seg ut ein bestemt elbilmodell. Kvifor?
Svar
Svaret på oppgåva vil vere avhengig av massen m til elbilen.
c) Kor stor høgdeskilnad treng vi i teorien dersom vi vil lade eit tomt elbilbatteri med kapasitet 80 kWh heilt fullt?
Løysingar
Oppgåve 3 a)
Når kvar kWh kostar 0,90 kr og vi treng 80 kWh, får vi
Oppgåve 3 b)
Dersom vi snur på formelen
Det tek om lag 11 timar å lade fullt dette elbilbatteriet dersom det er heilt tomt.
Kvifor vil det mest sannsynleg ta noko lengre tid enn dette?
Svar
Ladinga kan gå seinare når batteriet nærmar seg full opplading.