Rekn ut pris på ei teneste i frisørsalongen
Du arbeider i ein frisørsalong som har tre frisørar totalt. Kvar frisør har 1 380 salbare timar i året. Kvar frisør skal ha ei årslønn på minimum 385 000 kroner. Arbeidsgivaravgifta der frisørsalongen held til, er på 10,6 %. Salongen bereknar ei forteneste på 35 %.
Salongen betaler ei husleige inkludert telefon og internett på 175 000 kroner i året, og straum på 30 000. I tillegg kjem forsikring på 35 000, og rekneskapsføraren skal ha 45 000 kroner i året.
Salongen tilbyr kundane sine kaffi og magasin, og betaler avgift på musikk. Totalt kostar dette 8 000 kroner i året.
Det er sett av 25 000 kroner til kurs og fagleg oppdatering.
Bruk tala ovanfor og rekn ut timeprisen kunden skal betale. Ta omsyn til alle indirekte kostnader, som er alle dei faste utgiftene salongen betaler kvar månad eller i året. Timeprisen må også dekke lønn, arbeidsgivaravgift, forteneste og meirverdiavgift.
Rekn ut kostnadene på alle produkta du har brukt på frisyren/tenesta. Dette er direkte kostnader, til dømes stylingprodukt, kjemikal eller friske blomstrar i håret til ei brud. Berekn kor mykje tid du bruker på kunden. Set opp ein priskalkyle for frisyren eller tenesta du har utført, i eit rekneark.
Relatert innhald
Kalkuler pris på tenester i frisørsalongen på ein slik måte at bedrifta blir driven lønnsamt.