Seljar og kjøpar må avtale fordeling av oppgåver, kostnader og risiko ved internasjonal varetransport. Dei kan velje mellom ulike sett med leveringsvilkår, også kalla incoterms.
Kva er incoterms?
Ordet incoterms er ein kortversjon av engelsk "International Commercial Terms", altså vilkår for internasjonal handel. Ein incoterm er eit standardisert sett med leveringsvilkår. Det er ICC (International Chamber of Commerce, Det Internasjonale Handelskammeret) som har utarbeidd desse standardvilkåra. Dei blir oppdaterte kvart tiande år, og den nyaste versjonen er Incoterms® 2020.
Fordeling av risiko, kostnader og ansvar
Ein incoterm inneheld inneheld føresegner for
når kjøpar overtek risikoen for skade eller tap under transporten
kven som ber kva kostnader for transporten
kven som har ansvaret for dokumentasjon, ut- og innfortolling og andre formalitetar
Seljar og kjøpar kan velje mellom elleve ulike incotermar. Fire av dei (FAS, FOB, CFR, CIF) blir berre brukte ved sjøtransport.
Leveringsvilkår bruker ein også ved innanlands transport. Då fell reglane om ansvar for tollklarering bort, men resten av reglane gjeld. Leveringsvilkåret for ei sending kjem fram av felt 27 i innanlandsfraktbrevet.
Dei elleve incotermane
EXW (Ex Works)
Seljar berre klargjer varene for henting. Kjøpar hentar varene på ein avtalt stad, til dømes på fabrikk eller lager, og ordnar med all transport.
Kjøpar overtek risikoen for varene straks dei er henta hos seljar.
Kjøpar har ansvaret for å eksport- og importklarere varene og for å forsikre dei under transport.
FCA (Free Carrier)
Seljar lastar varene opp på transportmiddelet kjøper har valt.
Kjøpar har risikoen frå den augneblinken varene er lasta opp.
Seljar må eksportklarare varene, kjøpar har ansvaret for å importklarare.
CPT (Carriage Paid to)
Seljar betaler frakt med første transportmiddel som kjøpar har valt.
Kjøpar har likevel risikoen allereie frå varene er lasta opp på første transportmiddel og må ordne forsikring.
Seljar ordnar forsikring som dekker transport med første transportmiddel. Denne forsikringa treng berre å oppfylle minimumskrav. Dersom kjøpar vil ha betre forsikring, må hen bere kostnaden sjølv.
Kjøpar har risikoen for varene frå dei er lasta opp på første transportmiddel.