Oppgåve
Eksamensoppgåve 2
Her finn du tverrfaglege oppgåver om handtering og transport av personar og ulike typar gods. Dei tek for seg sentrale kompetansemål i alle programfaga i vg2 transport og logistikk
Hjelpemiddel til førebuinga (førebuingstida er 2 dagar):
- Alle hjelpemiddel er tillatne.
Hjelpemiddel under eksamen:
- rutehefte (bok), nokre passasjerar, ulike typar gods, handteringsutstyr, sikringsutstyr, fraktbrev, naudsynt lovverk, kalkulator
- Som yrkessjåfør og logistikkarbeidar skal du kunne planleggje og utføre handtering og transport av personar og ulike typar gods. Du skal planleggje arbeidsoppgåvene dine på ein måte som tilfredsstiller krava til HMT for personar, gods og utstyr. Du skal utføre arbeidsoppgåvene slik du har planlagt.
- Kommunikasjon med medarbeidarane dine og med sensor er viktig.
- Du skal kunne nytte deg av dei hjelpemidla som er tilgjengelege og tilrettelagde for eksamen.
- Du skal gjennom munnleg kommunikasjon samarbeide om planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåva.
- Du skal kontrollere køyretøyet (bussen) og utstyret som du skal bruke til handtering og transport av personar og gods.
- Du skal planleggje, klargjere for rutetransport og utføre lasting av personar og gods på bussen frå terminal/lager. Godset skal lastast ut frå eigenskapar, storleik og utforming. Personar og gods skal sikrast på køyretøyet.
- Naudsynte og riktig utfylte dokument skal følgje transporten.
- Gjennom samarbeid skal de planleggje tidsforbruket på arbeidsoppdraget.