Hopp til innhald

Fagstoff

Ansvarleg selskap

Ansvarleg selskap kallar vi ei bedrift som blir driven av to eller fleire personar for felles rekning og risiko. Eigarane av eit ansvarleg selskap kallar vi gjerne kompanjongar. Vi skal her sjå kva for plikter det medfører å velje denne selskapsforma.

Registrering av bedrifta

De skal registrere selskapet i Einingsregisteret og Føretaksregisteret, og de må betale eit gebyr.

Føretaksnamnet

Føretaksnamnet for ansvarlege selskap skal innehalde orda ansvarleg selskap eller forkortinga ANS. Har deltakarane i det ansvarlege selskapet delt ansvar, skal føretaksnamnet innehalde orda selskap med delt ansvar eller forkortinga DA. Eit føretaksnamn må som minimum bestå av ein sammenstilling av tre bokstavar frå det norske alfabetet.

Namnet må ikkje vere villedande eller kunne forvekslast med andre registrerte føretak.

Sjekk Føretaksnavneloven for meir informasjon.

Hovudformer for ansvarlege selskap

I praksis finst det to hovudformer for ansvarlege selskap, ANS og DA. I eit ANS har deltakarane ansvaret for heile gjelda til bedrifta. Viss ein kompanjong ikkje kan betale, må kravet dekkjast fullt ut av dei andre. Det kallar vi solidarisk ansvar.

I eit DA er ansvaret delt, og kvar kompanjong er ansvarleg for ei gjeld som samsvarar med eigardelen til vedkomande.

  • ANS = Solidarisk ansvar
  • DA = Delt ansvar
  • Kompanjong = Eigarane i eit ansvarleg selskap

Selskapslova

Ansvarlege selskap er regulerte av selskapslova. Ho inneheld mellom anna reglar om at det skal setjast opp ein selskapsavtale mellom deltakarane, i tillegg til reglar om selskapsmøte, eigarskifte, oppløysing og avvikling.

Selskapsmøte og selskapsavtale

De må halde eit selskapsmøte ved skipinga av eit ansvarleg selskap. Her lagar de protokoll og utarbeider ein skriftleg selskapsavtale som alle kompanjongane må underskrive. De sendar protokollen og selskapsavtalen til Føretaksregisteret. Formålet med selskapet og verdien av innskota skal gå fram. De skal òg opplyse om korleis de skal fordele overskot og dekkje underskot.

Styre

Endå det ikkje krevst noko styre i eit ansvarleg selskap, bør du sjå til å ha ei gruppe som i praksis fungerer som styre. Det kan vere ein garanti både for deg sjølv og for dei som har skote inn pengar i bedrifta di. Det er krav om styre dersom dei ansvarlege deltakarane ikkje er aktive i selskapet.

Bokføringsplikt

Alle ansvarlege selskap har bokføringsplikt. Dei har også full rekneskapsplikt dersom salsinntektene er større enn 5 millionar kroner, og dersom dei har meir enn fem tilsette eller meir enn fem deltakarar.

Oppsummering

  • Blir driven av to eller fleire personar
  • Eigarane er personleg ansvarlege.
  • Skal registrerast i Einingsregisteret
  • Skal registrerast i Føretaksregisteret
  • Namnet på bedrifta må innehalde ANS eller DA
  • Har bokføringsplikt.
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Starte bedrift – regelverk