Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Innleiing om retorikk

Retorikk blir ofte definert som «kunsten å overtyde». I tillegg er retorikk læra om korleis ein kan tileigne seg denne kunsten.

Det var den greske filosofen Aristoteles som først systematiserte denne læra. Når vi skal bruke retorikk eller analysere retorikken i tekstar eller talar, bruker vi dei greske omgrepa som Aristoteles brukte. Dei tre viktigaste er etos, logos og patos.

Skal du overtyde nokon om noko, for eksempel i ein reklame, eit debattinnlegg eller eit lesarbrev i ei avis, er det lurt å tenkje gjennom korleis du bør argumentere. På kva måte kan du best overtyde eit publikum om bodskapen din?

I ein reklame er gjerne bodskapen at vi bør kjøpe produktet det blir reklamert for. Ein politikar vil prøve å overtyde oss om at vi bør røyste på det partiet ho er ein del av, og at dei sakene ho snakkar om, er viktige. Den som skal overtyde, har altså eit klart mål med talen eller teksten sin.

For at du skal klare å vere medviten om eigen argumentasjon, bør du ha kunnskap om dei retoriske omgrepa og korleis du kan bruke dei på best mogleg måte. Det skal du lære meir om no.

Freske der Aristolteles sit på ein benk omgitt av elevar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2017