Oppgåve
Kva er språkleg mangfald?
Før du ser filmen
- Kva legg du i omgrepet "språkleg mangfald"?
- Kor mange ulike språk og variantar av norsk møter du i løpet av ein dag? Skriv dei ned, og samanlikn gjerne med ein medelev. Er listene dykkar like eller ulike? Kvifor det, trur de?
Medan du ser filmen
- Notér ned alle døma på språk som blir trekte fram.
- Kva kjem fram om språk og identitet? Skriv ned døme.
Etter filmen
- Kva for nokre av desse språka og variantane av norsk kjende du frå før? Kva kjende du ikkje til?
- Kva legg du no i omgrepet "Språkleg mangfald"?
- Språkforskaren snakkar om sosiolektar. Han hevdar i filmen at du kan høyre på folk kva slags yrke dei har. Er du einig i det? Forklar og vis til døme.
- Er multietnolekt noko du møter i kvardagen din? Viss ja, i kva situasjonar er det?
- Heilt til slutt kjem språkforskaren med ein påstand: "Den dagen alle i Noreg snakkar likt, blir det for det første veldig kjedeleg. For det andre er det ein fare for at dei då også kjem til å tenkje likt." Kva trur du han meiner med det?
Lag ein film sjølv
Korleis ser språkleg mangfald ut der du bur? Samarbeid gjerne i klassen eller i grupper om å finne ut kva døme som bør vere med i ein film som heiter "Språkleg mangfald i ..."
De må vidare
- finne dei de kan filme og lage spørsmål som dei skal svare på
- avtale stad og tidspunkt for filming
- sørgje for at kamera/mobil har nok straum
- filme, redigere og setje saman til ein liten undervisningsfilm