Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Må gutar snakke om det?

Tale er sølv, tausheit er gull, er det eit gammalt ordtak som seier. Her skal de lese avisinnlegg skrivne av to menn som er heilt usamde om nettopp dette.

Del 1

I par: Les ein artikkel kvar utan å fortelje den andre kva de les (om). Målet med lesinga er å:

  1. forstå kva som er hovudsynet i artikkelen
  2. kjenne igjen flest mogleg argument avsendaren bruker for å argumentere for hovudsynet

Lag gjerne eit tankekart der du skriv hovudsynet i midten og argumenta rundt.

Artiklane de skal lese er:

Del 2

No skal de gå inn "rollene" som høvesvis Robert Mood og Mani Husseini. Den som har lese artikkelen til Mood, skal vere han og dele meiningane hans, medan den som har lese Husseini sin tekst, adopterer alle argumenta og hovudsynet hans. Det er lov å ha arket de noterte på, framfor dykk.

Diskuter påstandane under, ein for ein, som om de var Mood og Husseini:

  1. Gutar må snakke meir om kjenslene sine.
  2. Det er heilt naturleg for gutar å vere tause om kjensler.
  3. Det blir snakka altfor mykje i media om at gutane må lette på sløret, oppsøkje psykolog osb ...
  4. Vanskane til gutar med å snakke om kjensler er eit samfunnsproblem.

Del 3

Byt artiklar. Les den teksten de ikkje har lese til no.

Robert Mood avsluttar artikkelen sin med setninga "Det er heilt greitt at du er som du er." medan Mani Husseini skriv at "Vi treng å snakke saman, gutar."

Kven er de mest samde med? Diskuter dykk imellom, no utan å gå inn i ei rolle. Ta gjerne utgangspunkt i påstandane i del 2.

Del 4

Ein argumenterande tekst består gjerne av standpunkt, argument og premiss. Klarer de å finne premissane i artikkelen til Robert Mood?

Skriv dei ned og diskuter dei. Er dette premissar som det er semje om og som ikkje treng nærare grunngiving?

Standpunkt, argument og premiss

Under ser du forklaringar og døme på dei tre momenta, men legg merke til at verken standpunkt, argument og premiss nødvendigvis er gyldige sanningar.

  • Eit standpunkt er det same som hovudsynet i ein tekst, altså ei meining om ei sak. Til dømes kan eit standpunkt vere at "Jenter er betre enn gutar."
  • Eit argument er grunngivingane til avsendaren som hen bruker til å forsvare standpunktet sitt. "Jenter er betre enn gutar fordi dei snakkar mykje om kjensler."
  • Ein premiss er eit faktum eller ein påstand som forfattaren går ut frå at det er semje om, og som derfor ikkje treng noka nærare grunngiving. Eit døme på ein premiss kan vere at "alle jenter elskar å snakke om kjensler."

Del 5

Ei interessant vinkling på dei to tekstane er at hovudsynet i dei er heilt ulikt, men det viktigaste verkemiddelet er det same. Sjå på korleis forfattarane bruker personlege pronomen:

"Vi må snakke sammen, gutter"

"Menn av få ord"

  • Vi må snakke sammen, gutter! Om hvordan vi har det, hva vi sliter med og gi hverandre råd.
  • Men jeg mener vi gutter også trenger å ta et oppgjør med hvordan vi snakker med hverandre. Vi trenger å utfordre tabuet.
  • Kjære gutter: Ikke hør på dem som sier at det er noe galt med deg fordi du ikke prater så mye om følelsene dine. Det er helt greit at du er som du er.
  • Vi uttrykker og opplever følelser på en annen måte.
  • Vi går hver til vårt noen timer senere, etter å ha bearbeidet mange følelser uten å ha sagt et ord om dem.

Målet med begge tekstane er å overtyde mottakarane om eige hovudsyn. Kvifor trur de Mood og Husseini har brukt personlege pronomen på denne måten? Kva funksjon har det?

Del 6

Kva mannsideal er det eigentleg som rår blant unge norske menn i dag? Gå saman i par. Prøv å organisere para slik at jenter er saman med jenter og gutar med gutar.

  1. Øv inn eit minirollespel som skal vise kva de meiner er eit typisk norsk mannsideal i Noreg i dag.
  2. Kvart par viser mannsidealet sitt fram for klassen. Dei andre i klassen skal tippe kva ideal de viser. Skriv opp mannsideala på tavla, eitt for eitt. Sett eit hjarte bak mannsideala gutepara viste og eit smilefjes bak mannsideala jentene laga.
  3. Etter alle har vist rollespela sine: Sjå på orda på tavla, og sjå etter likskapar og forskjellar i framstillinga av mannsideala. Diskuter: Kva kjem likskapane av, og kva kjem forskjellane av?

Del 7

Sjå dei første fem minutta av NRK-serien Rådebank.

  1. Kva mannsideal synest de denne serien viser?
  2. Er dette idealet noko de kjenner att, eller er gutane på heimstaden dykkar heilt ulike?
  3. Korleis kan tv-seriar påverke kjønnsideala våre?
  4. Kva andre teksttypar påverkar korleis vi tenkjer om kjønn?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar