Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Utkast til romananalyse

Dersom du har følgt læringsstien om romananalyse, har du allereie skrive fleire små tekstbitar. Desse bitane kan du flette saman til ein fullstendig romananalyse. Her kjem eit forslag til korleis du kan lage eit førsteutkast.
Nærbilete av ein som skriv på tastatur. Foto.

Lag eit førsteutkast

Vi tek utgangspunkt i denne skriveoppgåva: “Skriv ein analyse av romanen du har lese. Du skal peike på sider ved både form og innhald.”

Innleiing

  • Her kan du bruke informasjonen frå førlesingsoppgåva “Informasjon om romanen”.
  • Ei god innleiing skal både informere og inspirere. Kanskje du kan flette inn nokre av tankane du gjorde deg om kvifor du valde akkurat denne romanen? Kva var det som vekte nysgjerrigheita di?

Hovuddel

  • Det kan vere lurt å innleie hovuddelen i ein romananalyse med å seie noko om handlinga i romanen. Her kan du derfor lime inn det korte handlingsreferatet du har laga, men nå erstattar du emojiane med ord.
  • Deretter limer du inn dei fire tolkingspåstandane du har jobba med. Vurder rekkjefølgja: Kor passar det best å plassere avsnittet om temaet? Er det mogleg å rangere tolkingspåstandane etter viktigheit?

Avslutning

Oppsummer kort for lesaren din:

  • Kva er det mest sentrale du har formidla?
  • Kvifor er denne romanen ein viktig tekst å lese?

Når du har pusla saman dei ulike tekstbitane, har du ei grovskisse til ein romananalyse. Denne grovskissa kan du no skrive om til eit ferdig utkast.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2019