Hopp til innhald

Oppgåve

Korleis finne funksjonsuttrykket for ein lineær funksjon ut frå grafen

LK20

3.2.20

På figuren til høgre ser vi to rette linjer i eit koordinatsystem. Kva er konstantleddet i funksjonsuttrykket for kvar av desse to linjene?

Koordinatsystem der to grafar kryssar kvarandre. Illustrasjon.
vis fasit

Konstantleddet finn vi ved å sjå på kor grafane skjer andreaksen.

Den raude linja skjer andreaksen i punktet 0, -1.

Konstantleddet er dermed -1.

Den blå linja går gjennom origo.

Konstantleddet er da lik 0.

3.2.21

Grafar. Illustrasjon.

I koordinatsystemet ovanfor er det teikna fire grafar. Forklar kva for eit av funksjonsuttrykka nedanfor som høyrer saman med kva for ein graf.

fx=2x-1

vis fasit

Stigningstal 2. Skjer andreaksen i punktet 0, -1.

Blå graf

gx=-2x+2

vis fasit

Stigningstal -2. Skjer andreaksen i punktet 0, 2.

Svart graf

hx=-x

vis fasit

Stigningstal -1. Skjer andreaksen i origo 0, 0.

Raud graf

ix=-2

vis fasit

Stigningstal 0. Skjer andreaksen i punktet 0, -2.

Grøn graf

Sist oppdatert 02.03.2020
Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen

Læringsressursar

Lineære funksjonar