Straum, spenning, motstand og effekt
Straum (ampere) eller strøyming betyr her ein «straum av elektron» som vandrar i ein leiar – ein straumleidning. Ein straum kan vere låg eller høg, alt etter behovet eller effekten.
Spenning (volt) er den krafta vi har tilgjengeleg til å få utført eit arbeid – ein effekt, målt i watt (W) eller kilowatt (kW).
Motstand (ohm) eller resistans (engelsk/fransk) betyr å hindre, gjere mindre eller stanse. Motstand er heilt sentralt og heilt nødvendig i eit elektrisk anlegg. Motstanden finn vi òg i sjølve arbeidselementet, eller arbeidsdelen, der vi ønskjer at arbeidet skal skje når vi trykkjer på knappen. Visste du forresten at eit batteri har ein eigenmotstand som gjer at det er «tomt» sjølv om det viser 10 volt spenning når vi måler over batteripolene?
Effekten, eller arbeidet, blir målt i watt (W) eller kilowatt (kW). Ordet kilowatt betyr 1000 watt og er ofte betre å rekne med eller å snakke om når det gjeld større storleikar.
Eining | Namn | Storleik | Watt med ord |
---|---|---|---|
TW | terrawatt | 1 000 000 000 000 | tusen milliardar watt / ein billion watt |
GW | gigawatt | 1 000 000 000 | tusen millionar watt / ein milliard watt |
MW | megawatt | 1 000 000 | ein million watt |
kW | kilowatt | 1 000 | tusen watt |
W | watt | 1 | éin watt |
mW | milliwatt | 0,001 | ein tusendels watt |
mikrowatt | 0,000001 | ein milliondels watt | |
nW | nanowatt | 0,000000001 | ein milliarddels watt |
pW | pikowatt | 0,000000000001 | ein billiondels watt |