Hopp til innhald

Fagstoff

Symbol og kodar i eit P&ID

I et P&ID brukes det en rekke symboler og koder som er standardiserte. For at du skal kunne klare å lese et P&ID, må du derfor lære deg de viktigste symbolene.
Strekmann klør seg i hovudet over mange P&ID-symbol. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Standard

At noko er «standardisert», betyr i industrien at det er laga ei teknisk beskriving som seier noko om korleis ting skal gjerast. Slike beskrivingar blir utgitte i dokument som blir kalla «standardar».

I eit flytskjema bruker vi heiltrekte linjer med pil i enden for å vise ein produktstraum. I eit P&ID betyr ei heiltrekt linje som oftast eit røyr. På røyret står det gjerne òg ein tal- og bokstavkode. Dette er som regel identifikasjonsnummer og opplysningar om kva som strøymer i røyret, røyrdimensjonen og kva slags trykk det er laga for.

Alle typar reguleringsutstyr, for eksempel eit måleinstrument eller ein regulator, er teikna som sirklar. Desse sirklane kan sjå litt forskjellige ut avhengig av kor dei er monterte i anlegget.

Dei tre viktigaste symbola

Stipla og heiltrekt linje

Mellom dei ulike delane av ei reguleringssløyfe er det som regel teikna ei stipla linje (utan pil i enden). Denne stipla linja betyr at det er eit elektrisk signal. Nokre gonger kan vi òg sjå ei heiltrekt linje med ein eller fleire tverrstrekar. Det betyr at det er andre typar signal (altså ikkje elektriske).

Her er det eit lokalt måleinstrument (ein sirkel) som overfører eit elektrisk signal til ein regulator som er tilgjengeleg på ein dataskjerm i eit kontrollrom (ein sirkel med tverrstrek i ein boks). Regulatoren sender eit elektrisk signal til ein ventil.

P&ID for reguleringssløyfe (utan bokstavkodar). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bokstavkode og nummer

Inni sirklane som gir opp reguleringsutstyret, står det alltid ein bokstavkode og eit nummer. Bokstavkoden fortel kva slags instrument det er snakk om, og nummeret blir brukt som identifikasjon. La oss tenkje oss at reguleringssløyfa vi akkurat såg på, regulerer straumen av ei væske i røyret. Det engelske ordet for straum er «flow», og derfor bruker vi F som første bokstav i begge sirklane.

Instrumentet som er montert på røyret, måler væskestraumen (er-verdien). Den målte verdien blir overført til regulatoren. Det engelske ordet for overføre er «transmit». Derfor er T den andre bokstaven i koden.

Instrumentet som er montert i kontrollrommet, har to funksjonar. Det skal vise er-verdien til operatøren (engelsk: «indicator»), og det skal utføre reguleringsjobben (engelsk: «control»). Derfor har dette instrumentet fått I og C som andre og tredje bokstav i koden sin. Vi kan no teikne den enkle reguleringssløyfa slik:

P&ID for reguleringssløyfe (med bokstavkodar)
Opne bilete i eit nytt vindauge

No veit du formålet med bokstavkodane, og då er det berre å setje i gang og pugge dei ulike bokstavane!

Dei mest vanlege bokstavkodane


Første bokstav

Andre eller tredje bokstav

A

Analyse

Alarm

C

Regulator (eng. «controller»).

F

Gjennomstrøymingsmengde 
(eng. «flow rate»)

Fraksjon/ratio/forhold

H

Handoperert (eng. «hand»)

Høg (alarm). Blir som regel plassert oppe til høgre på utsida av sirkelen.

I

Straum (elektrisk)

Indikator (visning)

L

Nivå (eng. «level»)

Låg (alarm). Blir som regel plassert nede til høgre på utsida av sirkelen.

P

Trykk (eng. «pressure”)

S

Hastigheit (eng. «speed»)

Brytar (eng. «switch»)

T

Temperatur

Målesensor som sender ut eit elektrisk signal (eng. «transmitter»)

Når du kjenner til bokstavane i denne tabellen, kan du begynne å setje saman kombinasjonar. For eksempel betyr HS ein handbrytar, og denne kombinasjonen blir ofte brukt på startbrytarar på elektriske motorar. Ein annan variant kan vere SAL, som er ein hastigheitsalarm som varslar viss hastigheita er låg.

Ser du bokstavane LI, betyr det at det er ein indikasjon på nivået i ein tank. Bokstavkoden PIC betyr at det er indikasjon på og regulering av trykk. Forstår du systemet?

Dei mest vanlege ventilsymbola.

Viss du har teikna flytskjema tidlegare, har du kanskje lært å bruke eit enkelt symbol for ein ventil: to trekantar der spissane peiker mot kvarandre. I eit P&ID er vi mykje meir detaljerte, og derfor finst det mange ulike symbol for ventilar.

Ventilsymboler ved styresvikt

Ventilane blir som regel drivne av luft eller elektrisk straum. Det finst eigne symbol som viser kva ventilen gjer dersom det skjer ein svikt i luft- eller straumtilførselen.

Det tek litt tid og krev ein del erfaring og trening for å bli god til å lese P&ID. Så derfor er det i grunnen berre å starte treninga med ein gong! Nedanfor ser du eit P&ID frå ei eksamensoppgåve i kjemiprosessfaget (klikk for å forstørre). Forstår du dei fleste symbola? Forstår du kvifor reguleringssløyfene er kopla saman slik dei er?

Eksempel på P&ID (teknisk flytskjema) frå eksamen i kjemiprosessfag 2007. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019

Læringsressursar

Piping and Instrumentation Diagram (P&ID)