Ein annan komponent vi finn i eit hydraulikkanlegg, er ein tank.
Hydraulikktanken har fleire oppgåver enn å berre romme olje. Det skal vere moglegheit til påfylling og lufting, og han skal ha uttak til pumpa, innløp for returolje, dreneringskran for tapping og ei plate kalla "skvalpeskott" inne i tanken.
Det er viktig å vere klar over at tanken skal vere open mot atmosfæren, det vil seie at det ikkje skal kunne byggjast opp overtrykk eller undertrykk i tanken under drift. Det er fordi oljenivået stig og søkk under drift, avhengig av posisjonen til sylindrane. Det er dette som er hensikta med utluftinga.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2018