Budsjettkontroll
CC BY-SA 4.0Janne og Stine i Kontorvikar AS utfører budsjettkontroll for å finne ut kva dei gjer bra, og korleis dei kan drive bedrifta endå betre vidare.
Du er no inne i ein læringssti:
Kontorvikar AS
Janne og Stine i Kontorvikar AS utfører budsjettkontroll for å finne ut kva dei gjer bra, og korleis dei kan drive bedrifta endå betre vidare.
Janne og Stine har nettopp teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige AS, som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester.
Verken Janne eller Stine har godkjend rekneskapsutdanning enno. For å få det må dei ta ein bachelor i administrasjon og økonomi med vekt på rekneskap. Dei kan likevel leigast inn av bedrifter for å gjere enkle oppgåver, så lenge rekneskapsarbeidet deira blir kontrollert av ein rekneskapsførar.
Kontorvikar AS er lokalisert i Alta og skal derfor ikkje betale arbeidsgivaravgift.
Kalkulasjon | Resultatbudsjett i kr | Resultatrekneskap i kr |
---|---|---|
Salsinntekt | 650 000 | 520 250 |
– varekostnad (løn) | 500 000 | 498 000 |
= bruttoforteneste | 150 000 | 22 250 |
Husleige | 48 000 | 48 000 |
Forsikringar | 6 000 | 6 000 |
Telefon | 0 | 17 000 |
Marknadsføring | 9 000 | 7 000 |
Andre driftskostnader | 12 000 | 9 500 |
Rentekostnader | 3 000 | 3 000 |
= sum faste kostnader | 78 000 | 90 500 |
Resultat | 72 000 | –68 250 |
Last ned arbeidsboka og opne ho i Excel.
Set inn tal i budsjett og rekneskap og rekn ut prosent av salet.
Rekn ut avvik i kroner og prosent.
Kommenter avvika.