Kontorvikar AS lagar rekneskap
CC BY-SA 4.0Kontorvikar AS har eksistert i ein månad og skal no ferdigstille den første månadsrekneskapen sin.
Du er no inne i ein læringssti:
Kontorvikar AS
Kontorvikar AS har eksistert i ein månad og skal no ferdigstille den første månadsrekneskapen sin.
Janne og Stine har nettopp teke fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige aksjeselskap, som skal selje administrasjons- og rekneskapstenester.
Verken Janne eller Stine har godkjent rekneskapsutdanning enno. For å få det må dei ta bachelorutdanning i administrasjon og økonomi, med fokus på rekneskap. Dei kan likevel leigast inn til bedrifter for å gjere enkle oppgåver, under føresetnad av at rekneskapsarbeidet blir kontrollert av ein rekneskapsførar.
Kontorvikar AS er lokalisert i Alta og skal derfor ikkje betale arbeidsgivaravgift.
Kontorvikar AS har desse balansepostane per 1. januar 20xx:
Inventar: 75 000 kr
Bankinnskot: 100 000 kr
Banklån: 100 000 kr
Eigenkapital: ?
I tillegg til postane som viser inngåande balanse, bruker Kontorvikar AS desse kontoane i rekneskapen:
skuldig skattetrekk
kundar: 15015 Altabygg AS og 15016 Alta interiør AS
leverandør: 24010 Merkevare AS
utgåande mva.
inngåande mva.
oppgjerskonto mva.
skuldig feriepengar
salsinntekter
lønn
feriepengar
avskriving på inventar
husleige
anna driftsmateriell
salskostnader
andre driftskostnader
rentekostnader
Bruk den vedlagde arbeidsboka, eller lag di eiga.
Set inn namn og nummer på kontoane du skal bruke.
Før inngåande balanse og dei økonomiske forretningstilfella for januar.
Avslutt rekneskapen.
Kommenter resultatet og balansen.
Dato | Tekst | Beløp i kroner |
---|---|---|
2.1. | Kjøper pennar, blokker og anna til kontoret (blir ført på andre driftskostnader) | 450 |
3.1. | Betaler husleige | 8 000 |
4.1. | Betaler avdrag på lån | 2 000 |
4.1. | Betaler renter på lån | 500 |
7.1. | Sender faktura til kunden Altabygg AS på 60 timar à 632 kr inkl. mva. Kunden får 14 dagars betalingsfrist. | ? |
9.1. | Får faktura frå Merkevare AS, som lagar ein salskampanje for Kontorvikar AS. Fakturaen er på 6 500 kr inkl. mva., og betalingsfristen er 14 dagar. | 6 500 |
12.1. | Lønnsutbetaling til Janne og Stine. Utgangspunktet for utrekning av skatt er ei inntekt på 500 000 kr i året til kvar: | |
Bruttolønn | 74 404 | |
Skattetrekk | 17 634 | |
Feriepengar, 12 % | 8 928 | |
Nettolønn | ? | |
15.1. | Sender faktura til Alta interiør AS på 90 timar à 632 kr inkl. mva. Kunden får 14 dagars betalingsfrist. | ? |
21.1. | Får betaling frå Altabygg AS | ? |
23.1. | Betaler fakturaen frå Merkevare AS, motteken 9.1. | ? |
29.1. | Får betaling frå Alta interiør AS | ? |
29.1. | Kjøper nye telefonar til begge eigarane, kr 18 000 inkl. mva. | 18 000 |
30.1. | Overfører utgåande mva. til oppgjerskonto mva. | ? |
30.1. | Overfører inngåande mva. til oppgjerskonto mva. | ? |
31.1. | Avskriv inventar med 30 % saldoavskriving | 1 875 |