Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lær om bilete i eit 360-galleri, og bruk visuell kommunikasjon i eige arbeid

I denne oppgåva skal du bevege deg i eit 360-galleri for å hente inspirasjon og få ny kunnskap om bilete. Etterpå skal du bruke det du har lært til å presentere eigne produkt eller tenester.
Modell med strikkevest sett inn i eit stilisert fjellandskap. Omarbeidd foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Du har kanskje høyrt utsegna: "Eit bilete seier meir enn tusen ord"? Forklar med eigne ord kva som blir meint med denne utsegna. Reflekter over kvifor bilete er så viktige i presentasjonen av eit produkt eller ei teneste.

Oppgåve 2

No skal du lære om visuell kommunikasjon og biletkomposisjon. Løs oppgåvene nedanfor gjennom eit besøk i 360-biletgalleriet.

Velkomen til gallerivandring!

  1. Gjennomfør ei gallerivandring, og lær ved å sjå nærare på informasjonen ved dei ulike bileta. Start i 2. etasje, og sjå på ulike døme på visuell kommunikasjon. Klikk deg inn på kvart enkelt bilete, og lytt til skildringa mens du studerer biletet nærare. Noter kva som er relevant for bruk av bilete i presentasjonar ut frå kva du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata ut ifrå namnet på romma du besøkjer i galleriet.

Namn på romma i 2. etasje
  • Påverknad gjennom bilete

  • Kommunikasjon gjennom bilete

  • Kvifor ser vi det vi ser?

  • Fargebruk

  • Persepsjon

  1. Hald fram gallerivandringa. Gå ned i 1. etasje, der biletkomposisjon er tema. Klikk deg inn på kvart enkelt bilete og lytt til skildringa, mens du studerer biletet nærare. Noter kva som er relevant for bruk av bilete i presentasjonar ut frå kva du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata ut ifrå namnet på romma du besøkjer i galleriet.

Namn på romma i 1. etasje
  • Biletutsnitt

  • Djupneverknad

  • Format og linjer

  • Biletvinkel

  • Balanse og gjentaking

  1. Vel ut minst fem setningar av det du har skrive i løpet av gallerivisinga, som du vil hugse på og ta med deg i eigen biletproduksjon.

  2. Vel to eller fleire produkt eller tenester du vil presentere for ei kundegruppe gjennom foto. Ta utgangspunkt i notata dine frå gallerivisinga, og ta minimum fem bilete som kan passe til kvart produkt eller teneste. Samarbeid gjerne med medelevar.

  3. Vis nokre av bileta for klassen, og forklar korleis du har brukt ulike verkemiddel.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Visuell kommunikasjon