Klar, ferdig, kreativ – KFK-modellen
Ingen liker å sjå eller høyre på eit keisamt medieprodukt, og oppdragsgivarar er ikkje villige til å betale for det. Alle som jobbar i mediebransjen, må derfor kunne utvikle nye, kreative løysingar. Det gjeld både journalistar, reklamefotografar, grafiske designarar, filmskaparar, spelutviklarar og webdesignarar.
Men korleis klarer ein å stadig vere kreativ? Og korleis klarer ein å vere kreativ på bestilling? Å arbeide fram ein god idé kan vere halve jobben.
Modellen Klar, ferdig, kreativ (eller KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, illustrerer korleis ein kan jobbe med kreativitet i medieproduksjon. Modellen bryt idéfasen ned i fire delfasar.
Delfase | Beskrivelse | Mål |
---|---|---|
Utforsk | Tenk nøye gjennom kva som er viktig for oppdragsgivaren. Research, altså utforsk, kva som er målet med produktet og temaet det tek for seg. I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon. | ende opp med ei enkel problemstilling |
Idémyldring | No skal fantasien få fritt spelerom. I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og å bruke ulike idéskapingsverktøy. Denne fasen blir også kalla JA-fasen. Her er ingen idear dumme. Alt er lov! | ende opp med så mange idéar som mogleg |
Kill your darlings | No er det tid for å vere kritisk og kaste det som ikkje skal brukast. Kill your darlings er eit omgrep i mediebransjen. Det tyder at ein må gi slepp på noko ein liker godt, for å kunne satse fullt på den ideen ein trur vil fungere best for målgruppa. | ende opp med éin konkret idé ein ønskjer å satse på |
Set det saman | I denne fasen skal ein utvikle ideen vidare og synleggjere han i form av skisser, manus, synopsis, storyboard e.l., som kan presenterast for ein mogleg oppdragsgivar. | ende opp med ein pitch, eller ein presentasjon, som viser korleis medieproduktet skal bli eller vil fungere |