Eit spørsmål som mange er opptekne av når det gjeld å lage radio, det er: Skal ein bruke manus, eller skal ein ikkje bruke manus? Somme planlegg sendinga ned til minste detalj i forkant og skriv ned absolutt alt som skal seiast, for så å framføre det meir eller mindre ordrett. Medan andre igjen går i studio fullstendig utan manus. Og begge delar har både fordelar og ulemper.
Då eg begynte som programleiar på P 3, hadde eg side opp og side ned med manus framfor meg når eg gjekk i studio. Eg måtte lære meg å bla om musestille sånn at ein ikkje skulle høyre lyden av papira. Fordelen då var jo at eg kunne komme opp med fiffige formuleringar på førehand, og viss eg gjekk i stå, så kunne eg berre kikke ned på papiret framfor meg. Men ulempa var definitivt at det var veldig vanskeleg å frigjere seg frå manuset og improvisere viss ting ikkje gjekk akkurat som planlagt. Og det går sjeldan akkurat sånn som ein har planlagt, under ei direktesending.
Etter kvart lærte eg meg å klare meg med berre nokre få stikkord. Eg hugsar at eg syntest det var sinnssjukt skummelt første gong eg skulle gå i studio utan å ha ein haug med manus. Men det var også utruleg frigjerande. Og eg merka at eg blei mykje meir til stades der og då i sendinga og mykje flinkare til å ta ting på sparket og improvisere. Men det krev sjølvsagt endå meir av deg når det gjeld førebuingar, for viss du ikkje kan ha alle faktum skrivne ned framfor deg, så må du faktisk gjere så bra research og setje deg såpass inn i emnet at du har dei faktaa og den forståinga som du treng, i hovudet.
Eg hugsar at eg var på eit kurs med Anne Grosvold, der ho fortalde at ho ikkje hadde skrive noko som helst ned før ho gjekk inn i eit intervju. For då blei ho tvinga til å vere 100 prosent merksam på dei svara som ho fekk, og dermed også mykje flinkare til å følge opp det som blei sagt.
Eg personleg liker å skrive ned stikkord for å ha ei viss dramaturgisk oppbygging av intervjuet, sånn at eg veit kva retning eg vil at det skal gå i, kvar det skal starte, og kvar det skal avsluttast. Men eg merkar at eg som oftast endar med å ikkje kikke på dei stikkorda ein einaste gong.
Men viss du ikkje tør å droppe manus heilt, så er det i alle fall utruleg viktig at det i det minste høyrest naturleg ut når du framfører det som du har skrive ned. Eg har eit par triks til korleis du kan få til det. Det første er at du bør lese teksten din høgt på førehand, i alle fall ein gong, aller helst fleire, for då blir du kjend med teksten, og du merkar om det er nokre formuleringar som ikkje fungerer munnleg, som du må forandre på. Og så får du innarbeidd ein naturleg måte å seie han på, sånn at du ikkje berre framfører han veldig monotont, men at du får ein levande setningsmelodi, som dei fleste av oss jo har når vi snakkar til vanleg.
I tillegg kan det vere ein god idé å bruke store bokstavar på dei orda som ein vil legge trykket på i setningar, sånn at dei skil seg tydeleg ut i teksten. Eit anna tips er å sørge for at du har manuset framfor deg i augehøgde, sånn at du ser rett fram når du pratar, i staden for å stire ned i bordet, for det kan påverke stemma. Og viss du i tillegg då står oppreist og rører deg litt og gestikulerer medan du pratar, og gjerne let som du ikkje snakkar inn i ein mikrofon, men at du faktisk pratar med ein du kjenner, då har du eit godt utgangspunkt for å skjule at du har manus – heilt fram til den dagen du har blitt så tøff at du tør å droppe det.