Korleis snakke om porno?
Sjå filmen og diskuter:
Kva slags syn på seksualitet synest de denne reklamefilmen formidlar?
På kva måtar kritiserer filmen påverknaden frå porno?
Trur de denne filmen gir eit rett inntrykk av korleis nokon ungdommar snakkar saman på sosiale medium i dag?
Kvifor trur de Asan har valt å lage ein slik reklamefilm?
Denne reklamefilmen blei fjerna frå YouTube og Facebook fordi han viste seksuelle handlingar og nakenskap. Kva tenkjer de om at denne typen filmar blir sensurerte?
Porno kan vere eit kjenslevart tema å ta opp i klasserommet. Diskuter i grupper:
Her er nokre tips til korleis de kan snakke om porno i klasserommet. Er de einige eller ueinige i tipsa? Grunngi svaret.
Unngå å dømme andre.
Ikkje bli for personleg og unngå å fokusere på eigne erfaringar.
Humor er fint, men ikkje gjer narr av kvarandre.
Kva trur de sjølv er det viktigaste for å få til ein open og inkluderande samtale om porno i klasserommet? Formuler minst to konkrete tips.
Er det tabu å snakke om porno mellom
venner, venninner og klassekameratar
foreldre
slektningar
elevar og lærarar i klasserommet
Kvifor trur de porno kan vere tabu å snakke om?
Diskuter om det burde vere meir openheit om porno. Grunngi svaret.