Seksuell orientering
Seksualiteten din, eller den seksuelle identiteten din, er eit uttrykk for tiltrekking. Det blir òg ofte kalla legning eller orientering. Somme finn tidleg ut om dei blir tiltrekte av eitt kjønn, begge kjønn, alle kjønn eller ingen kjønn. Andre bruker litt tid på å finne den seksuelle identiteten sin.
Forelskingane til mennesket er ulike. Kvar og ein bestemmer sjølv over kjenslene sine og kva kjønn dei blir tiltrekte av.
Det er tiltrekkinga eller forelskinga di som avgjer kva for ei seksuell orientering du har, ikkje dei seksuelle erfaringane dine. Viss du er jente og har hatt ein seksuell aktivitet med ein gut, betyr ikkje det automatisk at du er heterofil. Eller viss du er jente og har hatt ein seksuell aktivitet med ei jente, betyr ikkje det automatisk at du er lesbisk. Det er forskjell mellom tiltrekking (forelsking) og praksis (erfaringar). Det er forelskinga di som gir deg hint om kva for ei seksuell orientering du har. Vi treng med andre ord ikkje seksuelle erfaringar for å vite kva for ei seksuell orientering vi har.
Seksuell orientering og kjønn
Seksuell orientering må ikkje forvekslast med kjønnsidentitet. Seksuell orientering handlar om tiltrekking. Kjønnsidentitet handlar om kva slags kjønn du opplever at du er: mann, kvinne, trans eller ikkje-binær. Du kan lese meir om kjønnsidentitet i artikkelen "Kva er kjønn?" på NDLA.
Det finst eit mangfald av seksuelle orienteringar, eller filer som dei òg kan kallast. Fil (philos) er eit gresk ord og betyr "kjærleik". Du har kanskje høyrt det i ordet filosofi? Filosofi betyr "kjærleik til kunnskap".
Homofil
Omgrepet homofili kjem av det greske ordet homo, som kan bety "same" eller "lik", og fil som betyr "kjærleik". Å vere homofil betyr å forelske seg i same kjønn som sitt eige. Dei av oss som blir tiltrekte av personar med same kjønn, kan definere oss som homofile. Det er vanleg å kalle kvinnelege homofile for lesbiske, men ordet homofil kan òg brukast. Homofile har same rett som heterofile til å inngå ekteskap i Noreg etter ekteskapslova som tredde i kraft 1. januar 2009.
Heterofil
Omgrepet heterofil kjem frå det greske ordet heteros som betyr "ulik" og fil som betyr "kjærleik". Å vere heterofil betyr å forelske seg i eit anna kjønn enn sitt eige. Dei av oss som blir tiltrekte av personar med eit anna kjønn enn oss sjølv, kan definere oss som heterofile.
Skeiv
Somme ønskjer ikkje å dele menneske inn i kategoriar eller båsar basert på seksuell orientering. Skeive ønskjer å utfordre førestillingar om at det berre finst to kjønn og heterofil seksuell orientering. Ordet skeiv er ei norsk omsetjing av det engelske ordet "queer". Heteronormativitet er eit nøkkelomgrep innan det teoretiske perspektivet "skeiv teori" ("queer-teori"). Mange meiner queer og skeiv er meir inkluderande ord enn lesbisk, homofil eller bifil. Ungdomsorganisasjonen til FRI — Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald – kallar seg til dømes Skeiv Ungdom.
Panfil
Pan kjem av gresk og betyr "alle". Somme ønskjer å bruke pan-omgrepet for å framheve at det finst fleire enn to kjønn og vil ikkje kallast bifile. Panfile blir forelska i andres personlegdom uavhengig av kjønn, orientering, etnisk bakgrunn og funksjonsevne med meir.
Polyfil
Polyfil eller polyamorøs blir ofte forkorta til "poly." Å vere poly betyr å ha eit forpliktande kjærleiksforhold som inkluderer meir enn to personar. Eit poly-forhold kan bestå av berre kvinner, berre menn, begge kjønn eller alle kjønn. Med poly-forhold høyrer det fleirtruskap. Det vil seie at ein over lengre tid har eit kjærastforhold til fleire samtidig, der alle dei involverte kjenner til og aksepterer dei andre forholda.
Aseksuell
Aseksuelle menneske har ikkje behov for seksualitet, og somme har kjent dette fråværet som den seksuelle identiteten sin heile livet. Aseksualitet er ein tilstand, mens sølibat er eit val. Dei som lever i sølibat, har av ulike grunnar bestemt seg for å avstå frå seksuelle aktivitetar. Å oppleve seg som aseksuell vil derimot bety at ein ikkje kjenner seksuell tiltrekking.
Demiseksuell
Demiseksuelle personar har ei seksuell orientering som er avhengig av sterk følelsesmessig tilknyting for å tenne på ein person. Kjenslene deira er ikkje avhengige av noko bestemt kjønn. Demiseksuelle praktiserer ikkje one-nights-stand og treng sterk emosjonell tiltrekking for å gjere noko seksuelt med eit anna menneske.
Orienteringsskalaen
Seinare forsking seier at seksuelle orienteringar ikkje er motpolar, men heller glidande overgangar mellom ytterpunkta heterofil og homofil. Ein kan kalle det ein orienteringsskala. Det betyr at du til dømes kan føle at du tilhøyrer litt frå fleire filer.
Statistikk
Gjennom tre årgangar med haldningsundersøkingar (2008, 2013 og 2017) har spørsmålet "Kjenner du deg tiltrekt av personar av same kjønn?" blitt stilt. Når vi slår saman "i noka grad" og "i stor grad", var det i 2017 rundt 10 % av befolkninga som svarte at dei er tiltrekte av personar av same kjønn. Dette utgjer over 500 000 LHB-personar i Noreg.
Ønskjer du å snakke med nokon?
Alle kommunar skal ha eit helsestasjonstilbod for ungdom opp til 20 år. På Helsestasjon for ungdom (HFU) kan du snakke om alt, mellom anna seksuelle orienteringar. Andre spørsmål og svar-tenester er Ung.no og Ungdomstelefonen. Der kan du vere anonym viss du ønskjer det, når du chattar eller snakkar.
Viss du opplever mobbing eller diskriminering på grunn av den seksuelle orienteringa di, har du krav på å få hjelp på skulen. I Noreg har vi nulltoleranse for mobbing. Også arbeidsmiljølova forbyr diskriminering på grunn av seksuell orientering (1998). Likestillings- og diskrimineringsombodet skal sikre at desse lovene blir følgde i Noreg.