Medieforteljingar om Baneheia-saka
19. mai 2000 blei to småjenter melde sakna i turterrenget Baneheia i Kristiansand. To dagar seinare blei dei funne, valdtekne og drepne. To unge menn blir seinare dømde for ugjerninga. Begge har sona lange fengselsstraffer. I 2021 avgjorde Gjenopptakingskommisjonen at dei ville sjå på saka på nytt.
Samarbeid gjerne om desse oppgåvene i små grupper.
Baneheia-saka er ei kriminalsak som har versert i norske medium i over 20 år. Både NRK, TV 2 og dei store nettavisene har eigne samlesider for saker som handlar om drapa i Baneheia.
Det ligg også ei lenkjesamling på den private nettstaden baneheiasaken.com. Ver kjeldekritisk og obs på at slike nettstader kan ha sin eigen agenda.
Lag ei tidslinje frå år 2000 og fram til i dag som i grove trekk viser utviklinga i saka. Lim inn nettadresser til oppslag i aktuelle nettaviser.
Studer dramaturgien i nyheitsforteljingane om Baneheia-saka. Dekninga av saka ber preg av å vere episodiske forteljingar, og ho er spesielt knytt til to tidsepokar:
Epoke 1: nyheitsforteljinga om Baneheia-saka i tidsperioden frå drapet skjedde i 2000, til dommen i saka i 2002.
Epoke 2: nyheitsforteljinga om gjenopptakinga av Baneheia-saka i tidsperioden frå 2020 fram til den endelege avklaringa kjem.
Lag grafiske modellar som viser dramaturgien i nyheitsforteljinga for kvar av desse to epokane.
I mange nyheitsforteljingar er forfattaren og forteljaren ein og same person. Slik er det til dømes i ein nyheitsartikkel. Men i ein reportasje kan journalisten la eit augnevitne fortelje om det som har hendt. Då er det denne personen som er forteljaren, og vi ser det som skjedde, gjennom hans eller hennar auge.
Finn døme på nyheitsforteljingar om Baneheia-saka med ulike perspektiv. De skal finne tre døme for kvar av desse tre perspektivkategoriane:
1. historia til offera og dei pårørande
2. historia til dei dømde
3. historia til allmenta og samfunnetKorleis påverkar forteljarposisjonen den oppfatninga de får av saka?
Korleis påverkar forteljarposisjonen kven av aktørane de har sympati for?
True crime (sannkrim) er ein faktabasert sjanger som undersøkjer verkelege kriminalsaker, både omstenda rundt det som hende, og handlingane til personar som er knytte til saka. Sjangeren har blitt svært populær.
Sannkrim-forteljingane gir sjåarane og lyttarane djupare innsikt i ei aktuell kriminalsak på ein spennande og underhaldande måte, og dei pirrar nysgjerrigheita vår. Men dramaturgien og forteljeteknikken utfordrar også grensa mellom faktabaserte nyheitsforteljingar og fiksjon.
Nokon norske døme på sannkrim-forteljingar er tv-seriane Hvem drepte Birgitte? (2018), Gåten Orderud (2018), Drapet i Holmenkollen (2019) og Therese – jenta som forsvant (2020) og podkasten To hvite menn (2018).
I januar 2021 sende TVNorge fleire episodar av sannkrim-serien Baneheia – kampen om sannheten. Sjå traileren på YouTube. I ettertid er det spelt inn fleire episodar.
Studer og diskuter tv-serien Baneheia – kampen om sannheten
Kva trur de filmskaparane ønskjer å oppnå med denne sannkrim-serien?
Er dette journalistikk, eller er det primært underhaldning? Tenkje nøye gjennom spørsmålet og grunngi svaret ditt.
Diskuter i gruppa eller i klassen: Er det ok å la seg underhalde av andre si liding?
Relatert innhald
Mange journalistiske tekstar er nyheitsforteljingar. Desse bruker fleire dramaturgiske verkemiddel vi kjenner frå fiksjonsforteljingar.
Media skjøttar samfunnsansvaret sitt når dei dekkjer kriminalsaker som er under etterforsking og rettsleg behandling.