Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Film som handlar om faktiske hendingar og personar, kallar vi dokumentarfilm. Lær om ulike dokumentarsjangrar, og utforsk dramaturgi, forteljeteknikk og verkemiddel.
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- vite forskjellen på ein dokumentarfilm og ein fiksjonsfilm og kjenne til ulike dokumentarsjangrar
- kunne beskrive dramaturgi, forteljeteknikk og bruk av verkemiddel i nokre dokumentarfilmar og analysere samspelet mellom form og innhald
- kunne gjennomføre ein retorisk analyse av ein dokumentarfilm