Analyser multimedial journalistikk
Bruk inndelinga nedanfor som disposisjon for analysen din.
Skriv tittel, opphavarar og roller, publikasjon og publikasjonstidspunkt. Legg ved lenkje.
Beskriv kort temaet og forteljinga.
- Korleis er teksten og forteljinga bygd opp? Viss du kjenner igjen nokre dramaturgiske grep eller modellar, peik på desse.
- Har forteljinga ein eller fleire sentrale karakterar? Beskriv dei kort og forklar kva slags roller dei har.
- Kva er anslaget? Forklar på kva måtar det kan eller ikkje kan engasjere potensielle lesarar. Peik på grepa.
Kva målgruppe trur du denne forteljinga er meint for? Grunngi og forklar.
Skriv ein kort samla tekst om det visuelle uttrykket.
Ta for deg eitt og eitt medieelement som forteljinga har, og beskriv dei kvar for seg. Sei noko om teknikk, stil og utforming på bilete, video, grafiske element, lyd og layout.
Finn og forklar blikkfanget, komposisjonen og verkemiddel som er brukte. Korleis vil du beskrive den tekniske kvaliteten?
Korleis bidreg dei enkelte medieelementa til å formidle historia, samla sett?
Beskriv navigasjonen og brukaropplevinga. Kva val får du som brukar? Kor brukarvenleg er designet? Lag gjerne skisser, grunngi og forklar.
Summer opp hovudtrekka i analysen av den digitale forteljinga. Drøft til slutt:
Kva opplever du som gode kvalitetar ved den digitale forteljinga?
Kva kunne ha vore gjort på ein betre måte?
Kva grep vil du hugse og ta med deg i eigne produksjonar?
Relatert innhald
Digitale journalistiske forteljingar er eit medieuttrykk i rask utvikling. Lêr meir om digital historieforteljing.